Nyhende — 05 juni 2012

Ordninga med skotpremie på mink er avvikla i Stord. Ikkje fordi det  kosta  kommunen mykje pengar, men fordi det er problem å kvitta seg med daude dyr.

Vedtaket  om at kommunen heretter ikkje vil betala ut 40 kroner per skoten villmink, var samrøystes i siste møtet til komiteen for næring, miljø og kultur. Bøna om at det måtte bli slutt på ordninga kom frå tilsette på Kundetorget i Rådhuset. Dei har teke imot dyra frå jegerane og betalt ut premiane;  totalt 1440 kroner i fjor, 80 kroner i 2010 og 1200 kroner i 2009. Når Kundetorget ber om at skotpremien no må nullstillast, er det fordi  det har vist seg vanskeleg å få nokon til å ta imot dei døde dyra som avfall.

Stord Fitjar landbruk og miljø kontor er fagetaten i spørsmål som vedkjem dyr og forvalting.  I uttalen derfrå heiter det:

”Oppfatning er heilt klar både hjå Fylkeskommune og Fylkesmann; – nemleg at det ikkje vil ha nokon merkbar effekt å halda fram med skotpremie på villmink. Skulle det hatt nokon effekt på bestanden, måtte det vore gjennom ein klar strategi, i eit koordinert opplegg mellom fleire kommunar.  Fitjar kommune, som kan skilta med fleire sjøfuglreservat og  havbruk, har ikkje skotpremie på mink”.

 

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.