Høgskulen på Vestlandet

Nyhende — 05 juni 2012

Bom-armane ved innkøyringa til parkeringsplassen for besøkande ved Stord sjukehus, blei etter kvart så ivrige i tenesta at dei heldt armane oppe støtt og stadig. Det resulterte i at automaten ved innkøyrsla ikkje ga frå seg billett og såleis vart det fri parkering for gjester. Kjekk for bilistane,  men lite kronasje kom inn på kontoen som skal betala for den relativt nye parkeringsplassen.  For litt sidan vart  innkøyringsbomane fjerna og  i staden er det installert parkeringsautomat av same typen som på Leirvik. Gjestene kjøper billett ( med kort eller mynt) for tida ein vil ha bilen ståande og legg lappen lett synleg på dashbordet. Nett som på Leirvik.
Skulle nokon lura på om det blir utført kontroll – så er svaret; –  Ja, det blir det.

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.