Nyhende — 18 juni 2012

Kistoget tøffar stadig oftare med besøkande inn i gruvegangane på Litlabø. (Foto: Tor Resser)

 

Den blå Grotte er namnet på det storsalen inne i gruvene på Litlabø. På omvisingsrundane i fjellet er det vanleg å synga litt under den spenstige spenstige akustikken,  men når det lid lenger på sommaren vil det skje noko endå meir eksklusivt i Berget det blå.

–  Eit par brudepar har tinga plass til vigslingsseremonien sin og det vil bli ei særs minnerik oppleving for  dei som skal seia sine JA og dei som blir med. For oss også, sølvsagt. Samstundes som det blir eit prov på at industrimuseum kan  vara til brukande til anna enn det reint kvardagslege, seier Ivar J. Helleland, mangeårig og travel leiar i Venelaget for Gruo. Ni siste åra har ein særs trufast gjeng jobba dugnad for å gjera den industrielle fødestaden i kommunen  levande igjen, og dei har lukkast særdeles godt. Trass minimal marknadsføring har publikumstilstrøyminga våre uventa stor  første halvår , der det har vore veker med  besøk mest kvar dag.

– Til oss kjem alt frå barnehagar og skuleklasse, frå verksemder på uflukt til  bergenspensjonistar på dagstur og elles interesserte frå sør og nord og ganske så mange utland er det blitt notert i gjesteboka.  1. mai hadde med open dag med over 1000 innom portane.

– Hjå dei besøkande sit godorda laust, ryktast det?

– Me kan ikkje underslå at det vankar ein del rosande ord etter runden på bruket, og ikkje minst etter  togturen (alle med hjelm) inn i  fjellet der ein får sjå korleis det var å jobba i gruvene. At kisen henta ut frå det indre av stordøya indirekte var brukt til våpenproduksjon i Tyskland, er ny informasjon for dei fleste, seier Helleland.

Venelagsleiaren har i fleire offentlege samanhangar sagt at Gruvemuseet og miljøet på staden ville bli ein turistattraksjon for Stord. Det har han alt fått rett i. Etter 10 år er  framleis dugnadsarbeid  avgjerande for drift og framdrift. Ved sida av alle timar som omvisar og jobb med det praktiske,  brukar Helleland  også tid på brevskriving.

Målet er at komma inn under offentleg ordning for museal drift og tilskot, på same måte som t.d. Utvandrarmuseet på Radøy. Då vankar det såpass sikker tilkomst på pengar at personell kan tilsetjast i fast stilling. Det kan trengast for å ta seg av publikumspågangen.

Kjenslegode opplevingar kan det bli når ein kjem i nærkontakt med langvegsfarande gjester.

– Ja, det vart helst sterkt å oppleva kva møtet med Gruo  fekk å betyr for ein familie som hadde teke turen over frå USA.  Då dei fekk stadfest at ein av dei første smedane her var ein i deira slekt, kom tårene.  Dei kunne då strekkja røtene sine 150 år attende til Litlabø Gruver.

 

Mykje meir kan du lesa på www.gruo.no

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.