Nyhende — 26 August 2012

Medalje til alle – her er det Stord jenter 10 som får sin velfortente heider etter kampane i puttefestivalen.

Det krydde av unge engasjerte fotballspelarar på, og like engajserte foreldre og besteforeldre rundt, dei mange banane for  5’ar-fotball på Vikahaugane i helga.  Ingen større skadar innmelde, trass i over 400 kampar  i eit arrangement som særleg søndag hadde veret på si side. I alle fall opphaldsveret,  og etter kvart som nordavinden fann det for godt å roa seg vart det reint sommarsleg.
112 lag var med på årets  Kværner Puttefestival, nokre av dei så nyss på fotballbanen rodd at dei berre hadde hatt ei samlande trening før dei møtte til tevling på Vikahaugane. Difor heiter det festival med medalje til alle, og er lagt opp med tanke på trening og prøving i den eldre fotballsporten, og ikkje som turnering.  Kvart lag har fire kampar på programmet, nokre fekk alle laurdag og nokre alle søndag.  På tampen av fjerde kampen kom det unge ytringar om at dei kjende det i beina, ja.
Men likevel – når  festivalsjef Arve Havnerås  under premieutdelinga spurde  kvar som hadde vore kjekkast denne helga, var svaret samstemt – Å spela fotball.
Deltakarlaga i år kom frå  heile Sunnhordland, pluss Bergen og Haugesund
 
 

Gøy for jentene til Solid og Fitjar å prøva seg på graset på Stord Stadion – eller Wembley som denne banedelen var døypt.

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.