Nyhende — 15 september 2012

Over 400 reiste med toget, ført av lokførar Per Ivar Tautra – same mann som har skrive boka om kistoga på Litlabø

 Må sei eg er imponert over arbeidet medlemen i Venelaget har utført på anlegget her, både inne i gruvegangane, med hus og med tog og skinner.  I dag  har eg fått vita mykje nytt om det som var då hjula sveiv på sitt beste i Gruo.

Nett kome ut i dagen etter ein guida tur  inne i fjellet, oppe tårnet og  rundt om, var Per Bergli ein av mange som var full av lovord  kring jobben Venelaget for Gruo har utført – så langt. Bergli var ein rundt 1000 som laurdag  tok imot invitasjonen til  Open dag i Gruo.  Den vaksne del av dei besøkande ikledde seg kvit hjelm og  vart med på guieda rundar, medan dei yngre fann det kjekkast å ta seg ein torgtur inn i og ut av, «berget det blå». Gruvemuseet var ope i høve dagen og i heishuset var det kafe.

Venelagsleiar Ivar Helleland melde at dette var andre dagen denne veka han  var stornøgd på vegner av Gruo. På onsdag hadde Venelaget vore vertskap for ressurs og kulturstyret i Hordaland Fylkeskommune, og  den positive responsen frå politikarar og administrasjon som fekk oppleve den  renoverte og restaurerte delen av anlegget  kan lova godt med tanke på tilskot til vidareutvikling og endå meir oppbygging.

 Tru det eller ikkje, men så langt har med investert 2,3 millionar kroner i reine pengar,  komne til oss som milde gåver og frå arrangement av ulike slag.  I tillegg har  venelaget utført 25.000 dugnadstimar.  Og enno har me mykje ugjort før me er fullt oppe og går med  «nye» Litlabø Gruver, seier Helleland til Stordnytt.no.

 

Ei nypulje med kvit hjelm kjem ut nøgde og  velinformerte ut frå  gruvegangen

Share

About Author

John Erik Jørgensen

(0) Readers Comments

Comments are closed.