Nyhende — 11 november 2012

Birta Nilsen er tredje-generasjons kinamatkokk på Misjonssambandet si julemesse.

 Du veit, spesialkrydra mat og ris heilt frå Kina på Misjonssambandet sin julemesse var i mange mange år den mest eksotiske smaken av den store verda som var å få tak i på Leirvik. Folk såg fram til eit slikt måltid oppunder jul, det var jo så spennande å prøva, seier Brita Nilsen.

Laurdag vart ho endå ein gong den ansvarlege for at  den velsmakande mattradisjonen for 51. gong stod på bordet på den store julemessa i Leirvik Bedehus. Det var tanta hennar, Brita Djupvik, som innførte retten då ho flytta vestover frå Oslo. I hovudstaden var dei nett byrja med julemesser og til ei av dei hadde heimkomne misjonærar frå Kina teke med seg oppskrifter på mat frå det store landet i aust.

 Så kvifor ikkje prøva her vest, sa tante Brita, skaffa råstoffet og laga eksotisk mat til glede for mange stordabuar. Seinare overtok mor vår Bergliot Vaagen Matre denne årlege kokkejobben, før det vart min tur.  Me følgjer strengt den opprinnelege oppskrifta. Eitt par år var kinamaten vekke frå matsetelen på julemessa, men då var det så mykje tilsnakk å få at ris og kjøt med mykje godt i måtte tilbake på plakakaten. Det kjekke er jo at det går mot tomme gryter også denne gongen.

Og medan stordnytt.no gjestar bedehuskjøkenet, fyllest storsalen av unge og eldre for å høyra andakten til Peru-misjonær Sverre Hovda, for deretter å ta lunsjen og gjera ein godt handel til støtte for misjonsarbeidet. Etter kvart er vel denne messa i bedehuset førjulstreffet med lengst ansiennitet i byen?

Den store julemessa i Leirvik Bedehus samla som vanleg mykje folk.

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.