Nyhende — 10 desember 2012

Huglo Skulekorps – korpset utan skule under leiing av Thea Hinderaker

I godt lag går tida fort, seiest det.  At utsegna er korrekt, kan stordnytt.no skriva under på etter årets julekonsert i gymsalen på Huglo skule søndag. Ved dei fire langborda var me i godt lagt med dei fleste fastbuande og om lag like mange tilreisande. 60 av dei frå Songlaget Stordabuen,  som andre søndag i advent legg opp til  songleg halvmaraton med opphald på Huglo store deler av dagen, for så å runda kvelden av med deltaking på konsert i Stord kyrkje.

– Me har gledd oss lenge til å syngja i denne salen, her er god lyd og godt publikum, sa songlagsdirigent  Torleiv Agdestein, medan koret tok oppstilling og fylte formeleg heile auste veggen. Stordabuen og Chiclets baud på  utdrag frå  oppsettinga «Store Norske» som  koret hadde suksess med i Kulturhuset tidlegare i haust. I si andre avdeling varta Stordabuen opp med  verdslege julesongar  – og hausta ny og kraftig applaus.

Songlaget Stordabuen med 60 røysteføre under leiing av Torleiv Agdestein – Då koret tok herleg godt i på «O helga natt» var det nett før taket løfta på seg

Huglo har ymse av sjeldan vare å by på. Ei av dei er  Huglo skulekorps – som må vera eitt av svært få skulekorps i landet utan skule.  Elevane på øya er overførte til Rommetveit og Huglo skule er før første gong på over 100 år ute av drift. Så er då også berre tre av dei 12 i korpset i aldersklassen for barneskule – resten er godt vaksne.

Under  musikalsk leiing av dirigent  Thea Hinderaker  let det imponerande godt – og som vanleg var det skulekorpset som sytte for tonefølgje  og  Helge Heiberg Andersen som var forsongar i  den avsluttande  sekvensen med  allsong av julesongar.

I mellom songen og musikken serverte skulekorpset, som arrangør av det heile, ferske rundstykkje med godt pålegg, kringla og julabrød med brunost, kaffi og brus. Høveleg tid til drøs var lagt inn i programmet, samt ein runde årasal med meir enn spennande trekking .

Og brått var tre timar farne og tida inne til å setja kursen mot ferja og heimereise…

 

 

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.