Nyhende — 02 mars 2013
Rådmann Magnus Mjør og leiaren i komite for næring, miljø og kultur, Vibecke Beyer  er ikkje samde om  framtida for  komiteen…

Rådmann Magnus Mjør og leiaren i komite for næring, miljø og kultur, Vibecke Beyer er ikkje samde om framtida for komiteen…

Onsdag neste veke kan verta ein småhistorisk dag når det gjeld den politiske drifta av Stord kommune. Frå rådmannen ligg det føre forslag til omlegging av nemndstrukturen som kan medføra nedlegging av eine komiteen, og innføring av nye namn og oppgåver for  to andre komitear. For å gjera saksbehandlinga totalt sett rimelegare og går rådmannen inn for bortfall av  Komite for næring, miljø og kultur  og overføring av komiteens sine fullmakter til formannskapet og til  Komite for oppvekst, kultur og utdanning (noverande Komite for oppvekst og utdanning)  og til Komite for  folkehelse, omsorg og samhandling (noverande Komite for rehabilitering, helse og omsorg).

Sist saka skulle til behandling i formannskapet, vart det semje om utsetting for å henta inn uttale frå  medlemene i komiteen som kan vera på veg ut av den lokale politikken i Stord kommune.  I februarmøtet vart det  engasjert debatt i  komiteen, som enda med  vedtak 7 mot 1 om at:  Komiteen for  næring, miljø og kultur meiner så absolutt at Komiteen for næring, miljø og kultur må bestå.  Det trengst fagpolitikarar innan desse områda, samstundes som det ikkje kan vera mykje å spara i kroner og øre på saksbehandlinga. Uansett kva komite som skal ha saker til  handsaming, må dei førebuast på beste måte.

I komiteen sin uttale vert det også trekt fram at det blir ei svekking av lokaldemokrativer dersom færre folkevalde er med i  den politiske debatt og gjer vedtak.

 

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.