Nyhende — 17 april 2013

 

Bolleaksjon for betre busstilbod:  (F.v.)  Karen Mjør, Ragnhild K. Voreland (leiare i Stord AUF)  og Anders K. Voreland.

Bolleaksjon for betre busstilbod: (F.v.) Karen Mjør, Ragnhild K. Voreland (leiare i Stord AUF) og Anders K. Voreland.

         Hei, me har lyst å by deg nybakt bolle som ein liten heider for at du brukar buss og reiserkollektivt.

Tre representantar frå Stord AUF hadde valt ei originale og gøyal aksjonsform då dei onsdag ettermiddag retta fokuset mot busstilbodet på Stord. To korger med heimebakst, brosjyre for moderpartiet AP og flust med argument for å oppgradera bussavgangane vart servert på teminalen på kaien på Leirvik. Leiaren i lokallaget til AUF, Ragnhild K. Voreland, Kren Mjør og Anders K. Voreland var samstemte i oppmodinga som skal gå vidare til kommuneleiing og fylke – og kanskje heilt opp til  toppsjef Jens i regjeringskvartalet.

         Jo, det går bra med bussar midt på dagane som er tilpassa arbeid og skule. Slik som no rundt klokka 1500 og eint time framover. Men på kveldstid og i helgane er det helst magert tilbod, og det er på desse tidspunkta det bør koma på plass fleire tuter. For skal me unge venja oss til å blir gode brukarar av kollektive transportmiddel må bussane gå oftare i utover kveldane og i helgane  og helst tilpassast det som måtte skje av arrangement, seier trioen frå AUF. Dei bur alle utanfor sentrum  og vil gjerne bli endå betre bussbrukarar.

 

 

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.