Nyhende — 29 april 2013
Leirvik Mannskoret, her saman med Stord Musikklag i Nordre Kaisving ein tidlegare 17. mai morgon.

Leirvik Mannskoret, her saman med Stord Musikklag i Nordre Kaisving ein tidlegare 17. mai morgon.

Om det ikkje nett vart ropt tre gonger tre hurra i kommunestyresalen måndag, så var det i alle fall ein samrøystes komite for næring, miljø og kultur som samrøystes svara ja på Leirvik Mannskor og Sagvåg forum sine søknader om meir 17.mai-pengar.

Breva frå  dei to arrangørane av nasjonaldagen kom til komiteen som referatsaker, utan innstilling til vedtak. Det ordna komiteen opp i sjølve og  gav ekstraløyving på omsøkte kronesummar: 8.000 meir til Sagvåg Forum slik at dei to korpsa som syt for takt og liv i borgartoget/skultoget for dei tre bygdelaga, Litlabø, Sagvåg og Valvatna kan få høveleg tilskot til lagskassen for jobben. Leirvik Mannskor viste til at sist koret var ansvarleg for  17.mai på Vikjo for tre år sidan, var det kommunale tilskotet 56.000, i år var det koma 42.000. Mannskoret bad om 14.000 i tillegg, og det får dei.

– Me var nok fleire som ikkje var klare over den store pengenedskjering til 17.mai, då budsjettet for inneverande år vart vedteke før jul. Når me i søknadsbreva vart gjort merksame på konsekvensane, var det klar vilje til å bøta på sakene. Nasjonaldagen skal me feirast på tradisjonell og god måte, og dei som tar på seg desse viktige fellesarrangementa skal ha litt att for innsatsen, seier komiteleiar Vibecke Beyer til stordnytt.no.  

– Kor fann de midlane?

  I første runde løvyde me frå komiteen sitt ansvarsområde, samstundes om det vart sendt sterk oppmoding til kommunestyret om å «få pengane igjen» når revidert budsjett for 2013 skal til behandling i juni.

 

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.