Nyhende — 28 juni 2013
Biletet: Godt med folk i Nordre Kaisving og på Nattruekaien som tok imot "Christian Radich".

Godt med folk i Nordre Kaisving og på Nattruekaien som tok imot «Christian Radich».

Nett som i «gamle gode dagar» på Nattrutekaien i middagstida fredag, den gongen det var vanleg med tjukt av folk som tok rutebåtane når dei la til kai og lossa folk og fe og gods og post. Mykje folk og mange flag tok no imot «Hitra», «Stord I», redningsskøyta, seglskutene «Seladon», «Loyal», «Swan»  frå Lerwick på Shetland, «Fortun» og  «Caroline». Med litt ekstra jubel og flaggvifting til ære for to av nasjonen sine storskuter, «Christian Radich» og «Statsraad Lehmkuhl».   Mange småbåtar hengde seg på konvoien som runda Moloen og den alltid opne Storddøra.

Tidlegare på dagen var det stort frammøte til nyaste forstillinga av Vennebyen som vart framført på scenene ved tidleager ferjekaien. Jo, festen byggjer seg opp.

Kvite "Loyal" er alltid fin å sjå

Kvite «Loyal» er alltid fin å sjå.

 

 

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.