Nyhende — 09 september 2013
Leiar i Hystad valstyret, Ivar Aarsand og  funksjonærane byrja teljinga straks røystelokalet i Prestagardsskogen Fleirbrukshall vart stengt kl. 2100.

Leiar i Hystad valstyret, Ivar Aarsand og funksjonærane byrja teljinga straks røystelokalet i Prestagardsskogen Fleirbrukshall vart stengt kl. 2100.

Valdagsmålingane indikerer eit borgarleg fleirtal på Stortinget – og eit regjeringsskifte om Høgre og FrP får med seg Venstre og KrF. Arbeidarpartiet vil framleis vere det største partiet i Noreg med ein oppslutnad omlag 30%. Dei to største borgarlege partia ligg høvesvis  på omlag 24% (H) og 17% (FrP). (Tala henta frå TV2 si valdagsmåling)

I Stord kommune er førebels dei 3100 førehandsrøsytene telt opp. Resultatet av desse viser at veljarane i kommunen  stort sett følgjer trenden ein ser på landsbasis. Arbeidarpartiet har pr. kl 2155 ein oppsluttnad på 29,4%, Høgre 24,9 % og FrP 17,9%.

Valresultatet i Stord kommune er venta klart omlag i 2230 tida.

- Eg er førstegongsveljar i Noreg, vart norsk statsborgar for eitt år sidan og vil sjølvsagt gjera borgarplikta mi. Har les mange pratiprogramm før eg bestemte meg, fortalde  Trang  Thuy Nguyen, som kom til Noreg for fem år sidan,  Her legg ho røytesetelen i urna i Utbygdo Grendahaus.

– Eg er førstegongsveljar i Noreg, vart norsk statsborgar for eitt år sidan og vil sjølvsagt gjera borgarplikta mi. Har les mange pratiprogramm før eg bestemte meg, fortalde Trang Thuy Nguyen, som kom til Noreg for fem år sidan, Her legg ho røytesetelen i urna i Utbygdo Grendahaus.

 

- Alder ingen hindring for valdeltakign. Truls Dahl på 94 var eldre som brukte røysteretten sin i Langeland krins.

– Alder ingen hindring for valdeltakign. Truls Dahl på 94 var eldre som brukte røysteretten sin i Langeland krins.

Share

About Author

John Erik Jørgensen

(0) Readers Comments

Comments are closed.