Nyhende — 24 september 2013

benk_storavatnet_fb_615

Komite for næring, miljø og Kultur skal i møtet onsdag drøfta Erko Settefisk AS sin søknad om å få tappa henta vatn frå Storavatnet til produksjon av smolt i nytt anlegg som er planlagt i Grunnavågen. Vatnet skal førast i leidning frå uttak ved Smette Bruo.  Det er NVE  som gjer det endelege vedtaket i spørsmålet, men Stord kommune har høve til å uttala seg og rådmannen meiner det må takast mange omsyn. Han gkjer framlgg om sliklydande uttale.:

Stord kommune har følgjande merknader til konsesjonssøknad frå Erko Seafood om vassuttak og regulering i Storavatnet:

Kommunen ber om at NVE som del av sakshandsaminga særleg tek ein gjennomgang av berekningane i søknaden av lågaste og høgaste regulerte vasstand:

  • Lågaste regulerte vasstand må vere tilstrekkeleg høg til at sundet sør for Knurrøya ikkje blir lukkafor gjennomstrøyming av vatn.
  • Høgaste regulerte vasstand må ikkje kunne føra til at vatnet kjem over grusveg langs Hustredalsvatnet.
  • Vasstanden må ikkje endrast utover det som er naturlege svingingar i Storavatnet.
  • Det må ikkje under nokon tilfelle regulerast/magasinerast over høgste regulerte vasstand, eller takast ut vatn utover lågaste regulerte vasstand.

Stord kommune ber vidare NVE om å vurdere om omsøkt minstevassføring vil vere tilstrekkeleg for å oppretthalde elva si økologiske funksjon.

Det bør opprettast eit program for overvaking av forureina sedimenter i Storavatnet. Det bør vidare etablerast målestav for korrekt avlesing av vasstanden i vatnet. Denne skal plasserast slik at den kan vera tilgjengelig for alle interessentar.

Brukarinteressene rundt Storavatnet må i større grad synleggjerast i konsesjonssaka.

 

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.