Nyhende — 18 oktober 2013
Motivet minner langt meir om Rydlandssagselva og Dåfjorden enn om Ådlandsvatnet, seier Terje Lamo.

Motivet minner langt meir om Rydlandssagselva og Dåfjorden enn om Ådlandsvatnet, seier Terje Lamo.

Lesaren som tipsa oss om at eit Grytting-måleri med motiv frå Ådlandsvatnet på Stord var lagt ut for sal på finn.no, hadde vanskar med å kjenna seg att.  Det same Hadde Per Bergli,  som er særs godt kjent rundt Ådlandsvatnet.  No kjem Terje Lamo med opplysningar som kan forklara kvifor ingen kjenner seg att i  Ådlands-motivet.

– Eg meiner me er i feil kant av kommunen.  For meg ser det ut for at kunstnaren har stått rett bak Rydlandssaga og måla ut frå det han har sett derfrå.   Det er Rydlandselva som renn under brua og ut i Dåfjorden, ute på neset stod det naust slik biletet viser. Åskammane til høgre og venstre er der  framleis og i bakgrunnen er det Siggjo som reiser seg.

– Bergensaren Grytting må funne inspirasjon i stordelvar og stordnatur. På veggen i stova til søster mi heng nemleg måleri frå kunstnaren som viser Petterteigelva , som renn til sjøs i ein annan arm av Dåfjorden, seier Terje Lamo til stordnytt.no.

 

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.