Nyhende — 15 november 2013
Høgt gjerde har ringa inn den hærverkutsette gamle Sagvåg skule siste tida

Høgt gjerde har ringa inn den hærverkutsette gamle Sagvåg skule siste tida

Skulen AS, selskapet som for ein del år sidan kjøpte  gamle Sagvåg skule, har hatt store utlegg med å tetta vindu  som har blitt knuste. Det ein gong stolte bygget ved Rv 545 var tenkt ombygt til husvære då Skulen AS  kjøpte anlegget. Men å byggja om vart ein omfattande og dyr affære og  i tenkjetida for vidare gjeremål på området  har gamleskulen blitt så herja med at tomten måtte ringast inn med ekstra høgt gjerde.

– No er det avgjort at  gamleskulen skal rivast, seier Terje Lamo til stordnytt.no. Han er medeigar i  Skulen AS.

– Alle løyve er på plass og jobben er tildelt entreprenør etter innhenta anbod.  Held framdrifta, reknar me med rivestart i veka som kjem , og bygget skal i sine einskilde faktorar leverast  til SIM.

– Då snakkar me om ein rive- og fjernekostnad på?

–  Rundt halvannan million kroner.  Det er eit  stort og  innhaldsrikt bygg. Eg gjekk sjølv på  denne skulen.

– Kva skal tomta brukast til?

– Der kjem høgst truleg  bustader i  ei eller annan form, kanskje noko i klassen for eldre seniorar.  Me jobbar med saka,  seier Lamo

 

 

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.