Nyhende — 23 mars 2014
Omlag 50 personar møtte opp til "mobiliseringsmøtet" i  Samfunnshuset laurdag.

Omlag 50 personar møtte opp til «mobiliseringsmøtet» i Samfunnshuset laurdag. (Foto: Øystein Kyvik)

Laurdag var det “mobiliseringsmøte” for oppsitjarane i Sagvåg/Litlabø i samband med at bydelen er tildelt kommunale midlar for å starta eit “LivOGlyst” prosjekt. Ingen tvil om at engasjementet i bydelen er stort. Då det vart opna for drøs og idèmyldring over ein kopp kaffi og kaker, vart lista over idèar etterkvart svært lang.

Idèar som vart lufta var mellom anna matkurs for ungdom, lys langs turveg frå Hustrudalen til Solidbanen, opprusting av Fletaneset, utbetring av crossbanen, friluftsfestival ved Storavatnet, park i Sagvåg, ny treningsbane for hundeklubben, Benditcup, opprusting av Dynamittlageret, fuglekassar langs lysløypa, ryddeaksjon langs Storavatnet, galleri i trafostasjonen ved gruvene, kafè i gruvetårnet, malesymposium, nytt rekkverk ved Grøntanlegget, kolonihage, padleorientering, 5415-turneringa på Vaskeriplanet, Noregscup i hesteskokasting, prosjekt med Aktiv i 100, få fram dei vakre akveduktane i Rødkleiv, kulturstiar, bevara gruvebygningane og kystkulturen i Sagvåg, klatrejunglar, rastebenkprosjekt, kunst- og kultursentrum i gruveområdet, tur og rekreasjonsområde for heile øya, julegranas vener, jul i Sagvåg, Bydelskafe, Bydelsmarsj, alle prosjekta på Rossneset og formalisering av Litlabø kajakklubb.

Sagvåg musikklag opna møtet med musikalske innslag.

Sagvåg musikklag opna møtet med musikalske innslag. (Foto: Øystein Kyvik)

– Nokre av ideane som vart lufta er me allereie i gong med, seier Lena Bosvik Ask til stordnytt.no. – Andre har me bade pengar og folk til å gjennomføra, medan andre er avhengige av meir planlegging og /eller mobilisering av dugnadsfolk og pengar.

– Målet vårt er sjølvsagt å utvikla Sagvåg- og Litlabøområdet til ein enda betre stad å vera, for fastbuande og besøkjande, fortel Bosvik Ask.

Møtet vart opna av musikantar frå Sagvåg musikklag, og dei 50 frammøtte på samfunnshuset fekk før si idèmyldring inspirasjon av eit engasjerande foredrag av Dag Jørund Lønning. Lønning, professor i nyskaping og bydeutvikling, snakka om å bli verdiskapt eller det å verdiskapa – på korleis ein kan vera med å styra utviklinga i sitt nærområde. Han utfordra tilhøyrarane om eige ansvar; at det viktigaste ikkje er kva felleskapet kan gjere for kvar enkelt, men korleis kvar enkelt kan bidra til felleskapet.

Håkon Frode Særsten hadde òg eit flott innlegg om samhaldet, pågangsmotet og positiviteten i bygda. Han var svært imponert over alt som har skjedd i bydelen dei siste åra.

Inspirerande og engasjerande foredrag av Dag Jørund Lønning.

Inspirerande og engasjerande foredrag av Dag Jørund Lønning. (Foto: Øystein Kyvik)

 

Share

About Author

John Erik Jørgensen

(0) Readers Comments

Comments are closed.