Nyhende — 02 juli 2014
Alle trea i alleen er blitt angripne av  lindebladvepsen  og larvane forsyner seg grovt.

Alle trea i alleen er blitt angripne av lindebladvepsen og larvane forsyner seg grovt.

Vegvesen er eigar og ansvarleg for stell av lindealleen  langs Sævegen,  mellom Rådhuset og rundkøyringa i Vikabrekko. At lauverket på lindane er sterkt angripne av lindebladveps, var ikkje vegvesenet klar over før  stordnytt.no gjorde oppdaginga og fekk  førsteinspektør Helene Mosssefinn Hystad ved Mattilsynet til å sjæ nærare på blada.  Så voldsomt har  larvene frå lindebladvepsen ete av bladverket at det alt no har fått den lysebrune haustfargen og fell til jorda.

– Me vil ta affære og berga alleen, opplyser vegvesent, som alt har kontakta Mattilsynet for å få råd om beste måten å angripa angripande  lindebladveps på.  Mest truleg blir det høgtrykkspyling av trea ein av dei første dagane.

Også lindetrea som omkransar industriarbeidarmonumentet i Borggarden, mellom  gamle Grand og Rådhuset, ser ut til å ha fått besøkte av svolten larvar  frå lindebladveps.

 

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.