Nyhende — 08 oktober 2014

 

«Hebridean Princess» har Glasgow som heimehamn. Vart bygt som ferje for trafikk mellom øyane nordvest i Scotland  for 50 år sidan,  men vart ombygt til cruisar og  har gått i slik fart dei siste 30 åra.

«Hebridean Princess» var innom Leirvik i sommar (Arkivfoto)

Samla sett i perioden juni – august har Sunnhordland hatt ein auke i overnattingar på heile 11,1 prosent samanlikna med same periode i 2013. Det utgjer 84 270 gjestedøgn i sommarsesongen, som vil sei 8426 fleire gjestedøgn enn året før. Den største auken har me frå den norske marknaden på 16,8 prosent, medan den utanlandske marknaden berre gav ei auke på 1,1 prosent.

Prosentvis er overnattingane i sommarsesongen fordelt slik: 47,9 % av overnattingane er på hotell, 20,9 % på hytte, 18,9 % på sesongcamping, 7,4 % på bubil, 4,8 på campingbil og telt.

Når ein ser på den totale marknaden med hotell og camping i eitt, utgjer den norske marknaden 67,1 prosent og utalandsk marknad 32,9 prosent i perioden juni – august.

Om ein ser på heile perioden hittil i år, altså frå januar til august har me totalt 143 097 kommersielle gjestedøgn, som er ein auke på 9,7 prosent frå fjoråret.

Hotell overnattingar
Hotellovernattingar i Sunnhordland for perioden juni til august står for den største auken, og viser ein auke på heile 15,2 prosent samanlikna med same periode i 2013. Norske hotellovernattingar auka med 22,2 prosent. Utanlandske overnattingar gjekk ned med 10,4 prosent. Den norske marknaden utgjer i løpet av perioden juni til august 33 610 gjestedøgn og den utanlandske marknaden utgjer 6756 gjestedøgn. Dei største utanlands marknadene for Hotella er Tyskland og Storbritannia. Utover dette er Polen, Frankrike, Sverige, Danmark og Nederland dei marknadene som står for mesteparten av dei resterande overnattingane.

Camping og hytte overnattingar
Camping og hytte overnattingar for perioden juni til august visar ein total auke på 7,6 prosent. Her er står den norske marknaden for ein auke på 9,7 prosent, og den utanlandske marknaden for ein liten auke på 5,4 prosent. Her er det ein meir jamn fordeling på marknadene, kor den norske marknaden utgjer 22 906 gjestedøgn og den utanlandske utgjer 20 998 gjestedøgn. Tyskland med heile 14 574 gjestedøgn og Nederland med 1510 gjestedøgn utgjer den styrste marknaden på camping og hytteovernattingar. Marknadene Polen, Danmark, Frankrike og Sverige står for mesteparten av dei andre overnattingsdøgna.

Sunnhordland samanlikna med regionane rundt
I regionane rundt Sunnhordland ser me at Hardanger og har hatt styst auke blant norske turistar, og kun ein liten auke av utanlandske besøkande, same ser me i Haugesundsregionen, her er det og auke i norske gjester og nedgang frå den utanlandske marknaden. Det vil sei at det er dei same tendensane som i Sunnhordland, styst auke av norske besøkande i år.

Det må tas med i berekninga at Sunnhordland har fleire gjestedøgn som ikkje vert teken med i SSB sine tal, det er private hytte/feriehus og båt overnattingar. Dei utgjer ein stor andel av besøkande til Sunnhordland. Me veit utifrå tal me har samle inn dei siste åra frå dei styrste båthamnene i Sunnhordland, at det tilreisande båt turistar utgjer ca. 20 000 gjestedøgn om sommaren (mai – august). Når det gjeld privateigde hytter/feriehus, så er det totalt 14 233 fritidshus i Sunnhordland, og over 50 prosent av dei er eid av folk som bor utanfor Sunnhordland regionen som dermed reknast som besøkande/turistar. Det tyder på at fritidshus marknaden er stor i denne regionen. På årsbasis har me rekna oss fram til at det utgjer over 800 000 gjestedøgn (Ref: Reiselivsrekneskap 2011). Tal kun for sommaren har me ikkje her.

Alle desse tala totalt sett seier noko om den positive aktiviteten i Sunnhordlandregionen og viktigheita av både privat hytte/feriehus og båtturismen i tillegg til den kommersielle overnattingstilboda i regionen.

Fjord Norge og Norge
Fjord Norge som består av dei fire vestlandsfylka, og har ein auke i gjestedøgn i perioden juni til august på 5,5 prosent. Norske gjestedøgn auka med 4,5 prosent, medan utanlandske overnattingar hadde ein auke på 7 prosent. På nasjonalt nivå er det ein auke i totale gjestedøgn på 5,2 prosent, kor 4,1 prosent er frå den norske marknaden og 7,4 er den utanlandske marknaden.

Share

About Author

John Erik Jørgensen

(0) Readers Comments

Comments are closed.