Nyhende — 19 oktober 2014
Rockabilly-koret Stordabuen  under leiing av  Torleiv Agdestein

Rockabilly-koret Stordabuen  under leiing av  Torleiv Agdestein

Pia Drønen har  heilt rett. Mellom det songlege og musikalske snopet som vart servert for fullsett storsal i Kulturhuset laurdag, var Drønen  fremst på scenekanten og helsa velkomen og håpa programmet ville slå an.  Ho understreka at songen og musikken gav ho mykje av energi og humør, sjølv etter  to timar øving song ho for full hals på køyreturen heimover ( til Fitjar). Det same gjorde dei  som gjekk frå konserten der storparten av repertoaret var henta frå  åra «då di lagte sjikkeli go musikk». Altså for 50 år og vel så det sidan. Og kven kunne vel tru den gongen, at «Sunny Afternoon», «Everybody loves somebody», «Puppy Love», «Just a gigolo», «Happy birthday sweet sixteen» og mange av dei andre låtane det vart dansa til i Turnhallen,  Samhald og Samfunnshuset –  skulle bli frisk korssong når danseløvene byrja bli godt vaksne.  Mest eventyrleg. «Let the good times roll» er så absolutt ein treffande konserttittel.

Flott versjon av «Fever»  med vokalist Sissel Johnsen og Harry Størksen (leiaren i koret)  på bass.

Flott versjon av «Fever»  med vokalist Sissel Johnsen og Harry Størksen (leiaren i koret)  på bass.

Gjennom forestillinga veksla det med fullt kor, solistinnslag, fleire grupper og morosaker. Ei oppbygging som etter kvart er blitt Songlaget Stordabuen og bandet sitt gode varemerke. Framført med  smil og stil i dongri – som høyrde rockabillytida til.

– Eg fekk beint lyst å dansa, sa ein herre på veg ut frå Kulturhuset.  – I kveld har eg mimra meg tilbake til  herlege  undomgslaurdagar i danslokalet, sa ein annan.  – E di ‘kje flinke vel, aldeles herligt, sa ei tredje.

Så godt trefte Songlaget Stordabuen og bandet med  val av song og musikk at det vart ein spesiell slutt på kvelden; – Sjølv etter både ståande applaus, ekstranummer  med  knallsvingane friske «Rock a beatin’ boogie» – var det ingen i salen som ville gå. Det gjorde eit takksamt publikum først etter at kor og orkester på ordre frå dirigent Torleiv Agdestein  (som også har arrangert songane for koret)  hadde bukka tre gonger til, og motteke meir applaus. Velfortent

Stordabuen  «Let the good times roll»  også  komande onsdag og søndag.  Nytta høvet folkens.

Denne gruppa framførte  engelske eurovisjonslåten «Making your mind up»

Denne gruppa framførte  engelske eurovisjonslåten «Making your mind up»

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.