Nyhende — 29 november 2014
3 lenkjer får akkurat plass i verdas minste julegate

3 lenkjer får akkurat plass i verdas minste julegate

Huglarar og hyttefolk møtte mannsterkt opp laurdag då det var duka for opning av verdas minste julegate. På dei omlag ti metrane gata strekkjer seg, får ein plass til tre lenkjer på tvers og eit stort juletre på kaien.

Huglo skulekorps, som etterkvart må kallast ein kuriositet; eit skulekorps utan skule, mønstra mannskap nok til å blåse liv i nokre gode, gamle julesongar. Som leiaren i skulekorpset, Albert Eikeland, sa; – Me har øvt oss opp sopass at me kan spela på store anledningar.

Gløgg, kokt på ein gamal vedkomfyr, vart servert til alle som ville ha og (jule)stemninga var god blandt dei mange frammøtte.

Mange frammøte på julegateopning på Huglo

Mange frammøte på julegateopning på Huglo, der Huglo skule(!)korps sytte for julestemning i tonar.

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.