Nyhende — 17 november 2014
Stordflyet.no er ein realitet frå  i dag  måndag 17. november.  F.v. flyplassjef Jan Morten Myklebust  og  direktør i DAT  Jesper Rungholm.

Stordflyet.no er ein realitet frå  i dag  måndag 17. november.  F.v. flyplassjef Jan Morten Myklebust  og  direktør i DAT  Jesper Rungholm.

Frå  i dag av er det ikkje lenger  «osloflyet»  som landar og tek av frå Sørstokken  på sine daglege ruter over fjellet  til Gardermoen.  No er Stordflyet.no rette namnet.

– Lokal forankring  og samarbeid er særs viktig for oss. Såleis er det etter ein god drøftingsprosess med samarbeidsråd og kommunar i regionen me i dag let Stordflyet.no  gå på vengene, sa Jesper Rungholm, direktør  i Danish Air Transport (DAT) ved ei markering av  namneskiftet på  Sørstokken. Han viste til ein same type  lokal forankring for  Bornholmflyet –  som fraktar  over 200.000 passasjerar  år mellom  øya København.  Rungholm såg det som realistisk at passasjertalet over Stord Lufthamn kan nå 60.000 for året, no når Stord og Sunnhordland har fått sitt eige fly.

Flyplassjef Jan Morten Myklebust gav ros  til flyselskapet for å  satsa  lokalt i regionen her, og ekstra ros for den regularitet  stordruta har hatt.  100 prosent – ikkje ein avgang har vore kanselert.  Det er ein ruteregularitet som er heilt unik.

Myklebust minna om at  Stordflyet.no er på  lufta  med ny nettside, der det kan vera lurt å klikka seg inn på lågpriskalenderen for å finne  flyreise til triveleg pris.

Ordførar Liv Kari Eskeland  gav  på direkten Jesper Rungholm og DAT skryt for å ha lytta og etterkome lokale ynskjer når det gjeld  luftfarten over Sørstokken  framover.

Så godt som fullsett  STORDFLYET.no tok av  frå Sørstokken kl. 10.00

Så godt som fullsett  STORDFLYET.no tok av  frå Sørstokken kl. 10.00

 

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.