Nyhende — 23 november 2014
Tubesnakes på Osvald Pub laurdag kveld:  Johnny Stensletten, Per Ivar Stensletten,  Rolf Martin Haldorsen og Per K. Hauan.

Tubesnakes på Osvald Pub laurdag kveld:  Johnny Stensletten, Per Ivar Stensletten,  Rolf Martin Haldorsen og Per K. Hauan.

– Med tredjealbumet ønskte me prøva ei ny musikkform, ta ein sving ut frå  standardbluesen som har vore varemerekt  til  Tubesnakes i mange år. Meir  pop-aktig  denne gongen, kan me vel seia, sa bassist Johnny Stensletten i ein kort prat med stordnytt.no før platesleppet på Osvald laurdag kveld. Bandet var i arbeid med ny innspeling då  komponist, vokalist og gitarist Lars Oddbjørn Vad brått døytte på førsommaren i fjor. Bygt på opptak som var gjort er albumet så gjort ferdig – med Lars Oddbjørn Vad si røyst og elegante gitarriff på dei fleste låtane.

Rolf Martin Haldorsen er no gitarist  i Tubesnakes, og saman med keyboardist  Per K. Hauan og bassist Johnny Stensletten med broder Per Inge på trommer, spelte dei sleppkvelden «live-versjon» av alle låtar på den nye plata. Det er berre å slå fast at «Walking» fekk ei sterkt applaudert mottaking.

Ja, her er nye tonar frå Tubesnakes, men dei er gode og taktfulle med ei harmonisering som berre er til å gleda seg over. Litt røter i blues er det i nokre melodiar, men mest både gode og dansbare pop-låtar. I journalistheimen har «Walking»  gått jamt på  cd-spelaren siste halve døger. Frisk og god musikk å lytta til.

 

(PS.: Musikkbutikk har ikkje Stord å by på lenger,  men Tubesnakes opplyser at dei har avtale om sal av  CD’n i Rema 100-butikkane)

 

Sorte Ljos, eit band frå Kulturskulen drog  ein fin musikkveld i gang på Osvald med fire friske sjølvkomponerte låtar. Sander Askeland, Frank O. Vad, Ruben Betten og Kristina  Haugli

Sorte Ljos, eit band frå Kulturskulen drog  ein fin musikkveld i gang på Osvald med fire friske sjølvkomponerte låtar. Sander Askeland, Frank O. Vad, Ruben Betten og Kristina  Haugli

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.