Nyhende — 27 februar 2015

Arbeidarpartiet i Sunnhordland og på Haugalandet vil byggje regionen vår

Stord/ Haugesund- regionen ligg mellom Bergens- og Stavangerregionen. Både for vår eigen region og for regionane nord og sør for oss, er det viktig at me er sterke. Me har lenge jobba tverrpolitisk for å ivareta våre felles regionsinstitusjonar som Høgskulen Stord Haugesund (HSH), Haugaland/Sunnhordland politidistrikt (HSP), Helse Fonna og Fengselet i Haugesund. Det har vore brei semje om at regionen vår er avhengig av at desse institusjonane fortsett skal vera her hos oss og ikkje vert flytta. Men no raknar mye som ein fylgje av den blå-blå regjeringa og deira politikk.

Me har saman arbeidd for at Fengselet i Haugesund skal erstattast av eit nytt og meir tidsriktig bygg. Inntil i haust såg det ut for at distriktet vårt skulle få eit nytt fengsel. Men regjeringa utsette dette på ubestemt tid, for så å satse på fleire fengselsplasser i Bergen og på Åna ved Stavanger. No er det usikkert om det i det heile vil kome eit nytt fengsel her i regionen vår på mange, mange år.

Høgskulen ynskte ein samarbeidsmodell som bygde vidare på Universitet i Bergen og Høgskule-Netta på Vestlandet. Med klåre styringsliner mellom sjølvstendige institusjonar vil me samla kunne danne eit nasjonalt og internasjonalt tyngdepunkt. Utdanningsministeren ynskjer ikkje det, og HSH vert pressa til å slå seg saman med Universitetet i Stavanger. Dette svekkar òg regionen vår.

No ligg det òg an til at politimeisteren skal flyttast til Stavanger, sjølv om ynskje til regionen nest etter eige politidistrikt, er å flytte meisteren til Bergen. Politireforma som no er fremja vil setje regionen mellom Bokn og Bjørnen under administrasjon frå Stavanger. Identiteten vår synest lite verd.

Helse Fonna sin vidare skjebne er òg uviss. Helseministeren har gått ut med at sjukehus under 60-80.000 innbyggjarar skal miste akuttfunksjonen for kirurgi. Det tyder at Stord sjukehus mistar akuttkirurgisk beredskap og vert tappa for kompetanse. Kor lengje går det før den blå-blå regjeringa vil flytte administrasjonen også her til Stavanger?

Den blå-blå regjeringa styrer tunge funksjonar i region vår sørover mot Stavanger. Regionen vår vert splitta og vert bygd ned gjennom dette. Stortingsrepresentantane frå Høgre og Frp synest stillteiande å godta dette eller står heilt utan innverknad i si eiga regjering. Dette synest me i Arbeidarpartiet er særs bekymringsfullt. Dette er ei negativ utvikling som me vil samle kreftane imot og aktivt freiste å kjempe mot.

Marte Eide Klovning, Ordførar Utsira
Kyrre Lindanger, Ordførar Bokn
Synnøve Solbakken, Ordførar Kvinnherad
Kjetil Hestad, Ordførar Tysnes
Odd Harald Hovland, Ordførar Bømlo
Agnar Aarskog, Ordførar Bømlo Varaordfører Fitjar
Siri Klokkerstuen, Ordførarkandidat Etne
Reidar Håvaas, Gruppeleiar Vindafjord
Jorunn Skåden, Ordførarkandidat Sveio
Sigmund Lier, Ordførarkandidat Tysvær
Jarle Nilsen, Ordførarkandidat Karmøy
Harry Herstad, Ordførarkandidat Stord
Arne-Christian Mohn, Ordførarkandidat Haugesund

Share

About Author

John Erik Jørgensen

(0) Readers Comments

Comments are closed.