Nyhende — 21 april 2015
Jan Morten

Jan Morten Myklebust er svært nøgd med auken i passasjertalet.

Flyplassen på Sørstokken har hatt størst prosentvis passasjerauke av alle norske flyplassar hittil i år. Og fleire og fleire av dei reisande er ute i privat ærend.

Avinor sin statistikk viser at dei store lufthamnene i Noreg har ein tilbakegong i passasjertrafikken. Dette gjeld også hovuddelen av dei nasjonale, regionale og lokale flyplassane. På Stord Lufthamn har ein derimot hatt ein auke på 20,7 % i fyrste kvartal 2015.

– Me er sjølvsagt svært nøgde med at me har hatt ein markant auke i talet på passasjerar. Det er fleire årsaker til det. Kværner sitt prosjekt på Aukra har mange folk i sving, og Widerøe har difor auka frekvensen på charterflygingane sine til Molde. Ei anna viktig årsak er endring i reisevanane til Sunnhordlendingane, fortel lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.

Gunn Kristin Saltvik nyttar seg av tilbodet ved lufthamna fleire gongar i månaden.

Gunn Kristin Saltvik nyttar seg av tilbodet ved lufthamna fleire gongar i månaden.

Totaltilbodet avgjer
Han trur konkurransedyktige prisar, gratis parkering og korte reisetider gjer at fleire og fleire kundar no også nyttar den lokale flyplassen til privatreiser.

– Tidlegare hadde me om lag 70 % jobbreisande og 30 % privatreisande på Osloruta. No er tala om lag 50/50. Mange reiser no kjapt og rimeleg med Stordflyet til Oslo Lufthavn Gardermoen, der dei kan nyta storbyferie eller enkelt fly vidare til spennande destinasjonar over heile verda.

Stordflyet meir populært enn nokon gong
Auken i privatmarknaden gjer at Stordflyet no vurderar å utvida med fleire avgangar til og frå Oslo. Det gler Gunn Kristin Saltvik som nyttar flyplassen jamleg både privat og i jobbsamanheng.

– Eg nyttar Stordflyet mange gonger i månaden, og kunne neppe hatt den jobben eg har om ikkje den lokale flyplassen hadde hatt eit godt tilbod som gjev kort reisetid. At det er aktuelt med fleire avgangar til Oslo framover er veldig positivt. På sikt håpar eg også at det vert opna for laurdagsruter til og frå Sørstokken. Då vil det bli endå meir attraktivt å nytta flyplassen til privatreiser, avsluttar Saltvik.

Sjå videointervjuet på her:

Stord Lufthamn aukar mest from Magne Langåker on Vimeo.

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.