Nyhende — 17 mai 2015
17.mai er dagen stordbuen samlst til 17.mair-feiring på Vikjo – på ettermiddagstid.

17.mai er dagen stordbuen samlst til 17.mair-feiring på Vikjo – på ettermiddagstid.

Nokre dråpar nett då Borgartoget starta ut på Leirvik Torg, men elles opplett utover dagen, trass i ufyselege varsel. Så bra vêr, faktisk, at det gjekk an å sitja ute og nyta både is og drikka og slå av ein prat med andre godtfolk.

Opplett og rimeleg godt ver på 17.mai – då er det grunn til å smila, ta seg ein is og ein prat på skuleplassen.

Opplett og rimeleg godt ver på 17.mai – då er det grunn til å smila, ta seg ein is og ein prat på skuleplassen.

I god tid før togavgang 15.30 strøymde det til med 17.mai-stemte utbygdarar og innbygdarar og sagvågarar og litlabørar og rommetveitingar og andre stordabuar, slik det skal på ei nasjonaldagsfeiring av godt merke på Vikjo. Borgartoget vart langt og med nye innslag frå Stord Hestesportlag med shetlandsponnien Gandalf, og Stord Motocrossklubb med tøffe mc’ar. Kjekt var det at offiserar frå Kystvaktskipet «Tor», i sine flotte uniformar vart med i toget. Ros skal russen ha for mange gode innslag. Eit par fekk låtten godt fram. Denne gong var ikkje Frelsesarmeen si fane i borgartoget på Leirvik, av di det ikkje er tilsett nytt offiserskorps på staden.

Stord Hestesportlag var eit nytt innslag i Borgartoget i år – i front gjekk shetlandsponnien Gandalf.

Stord Hestesportlag var eit nytt innslag i Borgartoget i år – i front gjekk shetlandsponnien Gandalf.

I Parken samlast mykje folk, der det var musikk og song med mannskoret og musikklaget og ungdomleg tale for dagen ved Anna Sofie Ekeland Valvatne frå Stord Ungdomsråd.

Takk til alle musikantar og songarar og andre frivillige som gjorde sitt til at me fekk ein fin syttande.

 

Anna Sofie Ekeland Valvatne heldt talen ved hvoudarrangementet i Parken. Ho er leiar i Stord Ungdomsråd.

Anna Sofie Ekeland Valvatne heldt talen ved hvoudarrangementet i Parken. Ho er leiar i Stord Ungdomsråd.

Volleyball og ski – litt av mangfaldet i Borgartoget gjennom Leirvik.

Volleyball og ski – litt av mangfaldet i Borgartoget gjennom Leirvik.

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.