Nyhende — 06 juni 2015
Medlemene i Stord hesteskoklubb  avslutta treningsøkta   sist  med ein runde  humørfylt kastegolf

Medlemene i Stord hesteskoklubb  avslutta treningsøkta  sist  med ein runde  humørfylt kastegolf

–  Prinsippet er mykje det same som i den golfsporten dei fleste kjenner til, seier Per Geir Vatna når  hesteskoklubben søndag 7. juni  inviterer  godfolk flest til å prøva seg på hesteskogolf. Det kan du gjera  på banen på Vaskeriplanen som ein del av av det vidtfemnande  aktivitetsprogrammet under Friluftsfestivalen   utpå og ved Storavatnet på Litlabø.

I staden for presisjonsslag med tanke på «hole in one» , er det presisjonskast som tel i hesteskogolf. Startar med  utkast, så skal det kastast på  «pinnar» som er utplassert i lendet med ymsande mellomrom, frå 20 til 5 meter  og den som kjem seg gjennom løypa og treff «blink» med  færrast  kast har  vunne.  Deltakarane  går lagvis ut – nett som i den meir kjende golfsporten .

– Hesteskoklubben stiller sjølvsagt med sko ( 600 gram) til låns  – og gode råd, lovar Vatna.

 

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.