Nyhende — 04 juli 2015
stord1_damesalong_fb_615

Damesalongen har stoff av fløyel. Her fekk ikkje menn kome inn. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

(Kjelde: www.hfk.no)

– Her var det berre fine damer som kom inn. Menn hadde ikkje tilgjenge. Vi kunne ikkje sleppe inn menn som grisa til, fortel Inge Halland. I damesalongen på det 102 år gamle veteranskipet «Stord I» er det fløyel. Der fekk ikkje menn sitje. Dei måtte ta til takke med skinn i eigen herresalong.

Bygt i 1913
Gamle «Stord» osar av historie. Skipet vart tinga av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap i 1913 og bygt ved Laksevåg Mekaniske Verkstad. Det gjekk i rute frå Bergen til Sunnhordland, Odda og Stavanger. I 1969 gjekk siste turen. No er det attende ved den gamle kaien til HSD på Bergen hamn. Inge Halland er ein av mange som restaurerer det gamle veteranskipet.

Flott standard
– Det var flott standard på gamle «Stord». Damene som reiste på 1. klasse, oppførte seg fint og fekk eigen fløyelssalong. Mennene, derimot, oppførte seg ikkje så fint. Dei spytta snus og spela kort. Slikt griseri kunne vi ikkje ha i fløyelssalongen. Dei hadde difor eigen herresalong i skinn som var lettare å halde rein, fortel Halland.

stord1_dugnad1_fb_615

Vi er fem som jobbar her i dag. Vi målar, lakkerar og flikkar rust, seier Helge Boland i dungnadsgjengen.

Dugnadsgjeng
Gamle «Stord» er restaurert tilbake til slik den ein gong var, dekk for dekk, salong for salong og lugar for lugar. Fløyelssalongen for damer og herresalongen i skinn, postkontoret der postmeistaren sorterte posten, lugaren til kapteinen, sjukelugaren og maskinrommet. Istandsetjinga er gjort av Mjellem & Karlsen Verft og Hardanger Fartøyvernsenter og ein stor dugnadsgjeng.

– Dette er nostalgi og interesse for å ta vare på gamle ting som har levd langs kysten, seier kaptein Rolf Ingebrigtsen på veteranskipet. Over 40 millionar kroner er brukt til å setje det gamle dampskipet i stand. Hordaland fylkeskommune har i år gjeve 775.000 kroner til utrusting, vedlikehald og drift.

Kvar tysdag møter dugnadsgjengen på skipet. – Vi er fem som jobbar her i dag. Vi målar, lakkerar og flikkar rust. Den utvendige teaken må vi lakke kvart år fordi vatnet treng gjennom, fortel Helge Boland i dungnadsgjengen.

stord1_dugnad2_fb_615

Kjell Ågotnes (nærmast) og Ove Reigstad lakkerer det flotte teakdekket.

Størst i Noreg
Veteranskipet «Stord 1» er det største dampskipet i Noreg og mellom dei eldste veteranskipa i landet.
– Dette var måten vi reiste på før i tida, før vegar, bruer og moderne snøggbåtar kom. Vi må fortelje ungdomen at det fanst andre måtar å reise på enn med bil. Dette er gamal historie som vi tek vare på. Dette er historia om Vestlandet, seier kaptein Ingebrigtsen.

I dag er «Stord I» i svært god stand, med god tresylindra motor som syt for framdrift og straum om bord. Den er driven av ei oljefyrt dampkjele.

Veteranskipslaget Fjordabåten kjøpte «Stord» i 1980. Då hadde den vore losjiskip på Oslo hamn. Den fekk namnet «Stord I» fordi eit anna skip hadde teke Stordnamnet i mellomtida. I 2006 vart veteranskipet overført til Stiftelsen D/S Stord I.

Kan bli freda
I dag er skipet ført attende til slik det var i 1931.Det offentlege har bidrege med over 15 millionar kroner, med Riksantikvaren og Hordaland fylkeskommune i spissen. Private sponsorar har gjeve minst like mykje. I tillegg har dugnadsgjengene lagt ned stor innsats over mange år. Totalt er veteranskipet sett i stand for over 40 milli-onar kroner.

– Skipet er verna av Riksantikvaren, men vi har søkt om å få det freda. Då vil vi stå vi på lista over dei som Riksantikvaren følgjer spesielt opp, seier kaptein Rolf Ingebrigtsen.

«Stord I» er restaurert tilbake til slik skipet var i 1931.

«Stord I» er restaurert tilbake til slik skipet var i 1931.

Fem mann på dekk
I sommar går «Stord 1» mange turar på Vestlandet. Det er sertifisert for 99 passasjerar. Mannskapet på kvar tur er to navigatørar, fem mann på dekk, to i maskinen, pluss dei som står for maten.

Neste tur med veteranskipet går til Tyssefestivalen 10. juli. 2. august reiser «Stord 1» med turistar til Garnes som skal reise vidare med veterantoget. Og  5. til 9. august går turen til Fjordsteam-festivalen i Florø der mange av veteranskipa på Vestlandet kjem.
– Vi går først til Skjerjehamn der vi skal overnatte. «Stord 1» har 11 knop som toppfart, men vi går med åtte knop som er økonomifart.  Det tek eitt døger å fyre opp dampmotoren før vi kan gå. Dampen er på 220 grader. Det må gå så sakte for at ikkje noko skal bli øydelagt. Vi har flinke maskinistar frå handelsflåten, seier kaptein Rolf Ingebrigtsen.

Share

About Author

John Erik Jørgensen

(0) Readers Comments

Comments are closed.