Fengjande frisk opning med «Stg. Peppers Lonley Hearts Club Band», rett over i «With a little help from my friends». Så kom Beatles-perlene trillande frå eit smilande opplagt Stordabuen, tone- og rytmefølgt av eit stødig godt band: «She loves you», «I feel fine», And I love her», «Help», «Norwegian wood» og alle dei andre kjenningane frå Liverpool-gruppa si stordomstid på 60-talet. Frå frøste akkorden var publikum i ein fullsett storsal i Kulturhuset sterkt medverkande til at premieren på «Stordabuen syn Beatles» vart ei nostalgisk godstund av best ønskjeleg merke. Nynning, klapping, rytmiske føter i arbeid, medsong og applaus med sterke innslag av jubel. Strålande klare bevis på at kveldens publikum har hatt Beatles-musikken som følgjesvener over lang tid. Og kanskje dukka det opp gode minne frå åra den nye musikken med firestemt song tok over etter Chuck Berry og Shadows.
I god Stordabuen-tradisjon var konserten bygt opp med songar frå heile koret, med solistinnslag der publikum vart kjent med nye gode røyster, og med samsong mellom solistar og songlag – og musikk. Dirigent Torleiv Agdestein har arrangert det meste av låtane for kor og band og det er berre å bøya seg i djup vyrnad for musikaliteten, og for intensiteten som blir skapt på scenen.Songarane leverte Beatles med både smil og stil. Kledde tidsrett. Jentene i skjørt og kjolar, gutane i kvitskjorta og smalt slips, slik skikkar var når ein gjekk strigla på dans i Turnhallen eller Samfunnshuset.
Denne laurdagskvelden, som nesten kvar laurdagskveld for vel 50 år sidan, var det Olav Skorpen, Per Øystein Kannelønning og Åge Ottesen (Chiclets) som spelte Beatles – no supplert av Dag Ove Sleen og Ståle Tesdal frå Bite.
Innimellom musikk og song og allsong, gav Dag Bergsvåg eit triveleg attersyn med året 1963 – då Beatles kom til Stord via Radio Luxemburg.
Programheftet (heilt gratis) som blei delt ut til publikum, fortel både soga om 80-års jubilanten Songlaget Stordabuen og soga bak låtane som blir farmførte. Veldig bra og informativt, med hyggjeleg slutthelsing frå songarane: All you need is love – Alt du treng er kjærleik. (To sjansar att til å få med deg konserten – onsdag og søndag)
Andre nyhende

Stordnytt flyttar inn på Sunnhordland.no
mai 02, 2018
Ikkje snakk om gilde med skåling på Gildeskålsbakken
mai 02, 2018
Stor oppslutnad om 1. mai-markeringa
mai 01, 2018
Etter 96 år – siste basaren for «Vårbud»
april 30, 2018
Kartlukke i Fitjar
april 29, 2018
Husa ristar når bilar passerar Hagamyro
april 29, 2018
Mykje å sjå fram til på årets STORD AIRSHOW
april 28, 2018
Stadig nedgang i arbeidsløysa
april 27, 2018
Rekkverk frå Heiane til New Zealand
april 27, 2018
Lite håp om autovern langs friområdet på Litlabø
april 27, 2018
«Folgefonn» verdas første med autodocking-installasjon
april 26, 2018
-Korleis ønskjer du Leirvik i framtida?
april 26, 2018
– Privatskule kan få konsekvensar for skulestrukturen
april 26, 2018