
Snart 50 år gamle «Skånevik» med HSD-merket i på skorsteinen – er komen i rutetrafikk igjen. No på Sognefjorden.
Til glede for dei 900 hestekreftene i maskinrommet , eit engasjert mannskap og ein heil del sogningar, har det ordna seg med meir arbeid for den freda ferja «Skånevik». Mange vintrar har ho lege i opplag i Leirvik hamne og blitt godt stelt med av medlemer i ferjelaget som eig ferja. Det blir annleis det komande halvåret.
– Og det set både farty og mannskap pris på. 1967-modellen seglar framleis i original tilstand og me høyrer formeleg kor ho trivest med å vera i rutefart, seier Øyvind Særsten. Han er leiar i ferjelaget og kan fortelja om ein super sommar i rutefart mellom Gudvangen og Kaupanger. Han omtalar passasjertalet som fantastisk godt og det er alt oppe og avgjort at det blir drift i sommarruta også neste år. Det er selskapet Fjord2, som har leigt inn «Skånevik» til oppdraget – der deler av segling skjer på verdsarvidyllen Nærøyfjorden
– Meir overraskande vart det for oss at båt og mannskap blei hyrt inn til å gå Sogn og Fjordande Fylkeskommune si vinterruta mellom Kaupanger og Frønningen, ein veglaus tettstad med 13 fastbuande. Der går me to turarar tre dagar i veka, frå basen vår i Kaupanger, seier Særsten til stordnytt.no
Andre nyhende

Stordnytt flyttar inn på Sunnhordland.no
mai 02, 2018
Ikkje snakk om gilde med skåling på Gildeskålsbakken
mai 02, 2018
Stor oppslutnad om 1. mai-markeringa
mai 01, 2018
Etter 96 år – siste basaren for «Vårbud»
april 30, 2018
Kartlukke i Fitjar
april 29, 2018
Husa ristar når bilar passerar Hagamyro
april 29, 2018
Mykje å sjå fram til på årets STORD AIRSHOW
april 28, 2018
Stadig nedgang i arbeidsløysa
april 27, 2018
Rekkverk frå Heiane til New Zealand
april 27, 2018
Lite håp om autovern langs friområdet på Litlabø
april 27, 2018
«Folgefonn» verdas første med autodocking-installasjon
april 26, 2018
-Korleis ønskjer du Leirvik i framtida?
april 26, 2018
– Privatskule kan få konsekvensar for skulestrukturen
april 26, 2018