Nyhende — 04 desember 2015
I det vanlege ein passeleg bekk – søndag briska han seg med både lyd og skummande styrke

Store nedbørsmengder i november fekk små bekkar til å briska seg. 

Går du rundt med ei kjensle av at månaden me nett gjorde oss ferdige med var våt pg grå, dag etter dag? For det var slik det var, melder Annar Westerheim frå sine private meteorologiske observasjonsstasjon i Sælevik.

– Det var helst sparsamt med soldagar i november, berre fire dagar etter måleren. Mandag 16. november kom det heile 38 mm. med nedbør, totalt for heile månaden vart 281 mm. Til samanlikning kom det 236 mm. i november i fjor, opplyser Westerheim.

Ein millimeter regn tilsvarar ein liter vatn pr. kvadratmeter, 38 mm er med andre ord 38 liter pr. kvadratmeter, eller 38.000 liter vatn på ein vanleg hustomt på eitt mål. Igjen skal me altså vera glade for at me bur i eit rimeleg bratt land.

– Målestasjon på Florida Bergen fekk 433 mm. Godt over normalen for månaden som er på 259 mm. I 2014 målte Bergen kun 169 mm. Det er forresten store variasjonar på nedbør , Bergen Florida målte solide 85,2 mm fredag 27. november, eg målte beskjedne 25 mm. på same dag. Nedbørsmengda i Bergen er allereie langt over normalen hittil i år med 2657 mm. Årsnormalen på 2250 mm. er passert med god margin.

Årsrekorden for Bergen er på 3195 frå 1921 mm. målt på Bergenhus Festning. Målestasjon vart seinare flytta til Florida i 1949 , her er nedbørsrekorden frå 1969 med 3067 mm.

Me får vera glad at ikkje nedbøren kjem ned som snø, ein mm.er ca ein cm. alt etter fuktighet , for Bergen sin del tilsvarer November nedbøren 4,3 meter med snø, fastslår Annar Westerheim..

Share

About Author

John Erik Jørgensen

(0) Readers Comments

Comments are closed.