Nyhende — 23 januar 2016
Rundingen markerer  mogleg tomt for ny barnehage  i Tjødnalio.

Rundingen markerer  mogleg tomt for ny barnehage  i Tjødnalio.

Første sak på bordet  til Komite for oppvekst og utdanning  2016,  gjeld oppfylling av barnehageplanen for Stord kommune, og  på førsteplass der  står  bygging av ny stor barnehage i  bydelen Sagvåg/Litlabø.

Rådmannen går inn for plassering på kommunal tomt ved noverande barnehage i Tjødnalio. Konklusjonen vert trekt etter gundig drøfting av saka der  alternative tomter har vore  undersøkte.

– Ut frå rådmannen si vurdering har ein to aktuelle tomter for utbygging av kommunal barnehage i området  Sagvåg-Litlabø. Det er den i Tjødnalio og den ved Sagvåg skule. Ein barnehage med inn til 160  storbarnsplassar vil ha eit bruttoareal på om lag 2000 rutemeter, og eit uteareal  på 4000 rutermeter. Ein vil då ha trong for ei tomt på  minimum 6 dekar. I tillegg kjem areal til parkering.  Tomtene ved både Sagvåg skule og Tjødnalio Barnehage er store nok.

– Rådmannen ser tomta i Tjødnalio som samla sett mest eigna, på grunn av nærleik til god vegstandard, god tilgang på kollektive transportmiddel, godt utbygt gang- og sykkelsti og utbygging med meir, går det fram av sakapapira.

I utgangspunktet skal den nye barnehagen stå ferdig til bruk i 2018.

 

 

 

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.