Nyhende — 10 februar 2016
nuenkryssin_fb_615

Sørleg kryssing av Langenuen vil knyta Kvinnherad og Tysnes tettare til Stord, konkluderer Norconsult i ein rapport dei har utarbeida for Sunnhordlandssambandet AS.

I planlegginga av trasear for ferjefri E39 mellom Sunnhordland og Bergensområdet, har det vore vurdert ulike alternativ for kor E39 skal krysse Langenuen mellom Stord og Tysnes. Sunnhordlandsambandet AS fekk i juni 2015 Norconsult til å utarbeida ein rapport, som tek opp i seg dei ulike kryssingsalternativa over Langenuen. Rapporten synleggjer kva som kan medvirka til regional integrasjon.

Styreleiar i Sunnhorlandssambandet AS, Benthe Bondhus, har no sendt rapporten til Sunnhordlandskommunane og bed om at dei tek vurderingane i rapporten med seg i sitt vidare arbeid for dei beste løysingane i regionen

Norconsult sin rapport vert samanfatta slik:

Sørleg kryssing av Langenuen gjev noko betre tilgjenge for Tysnes til Stord, men den viktigaste føremonen med sørleg kryssing er det gjer eit større potensial for å knyte Kvinnherad til resten av Sunnhordland gjennom eit framtidig brusamband.

Vi har tidlegare sett at i reisetida til Stord (Leirvik) påverkar pendlinga (integrasjonen i den regionale arbeidsmarknaden) og truleg også folketilveksten i kringliggjande kommunar.

Sørleg kryssing vil gje reisetid med bil frå Husnes til Leirvik på om lag 25 minutt, noko som tilseier at pendlinga mellom Kvinnherad og Stord vil bli monaleg høgare enn i dag, kan hende bli av same relative storleik som pendlinga frå Bømlo til Stord. Dette vil gje auka grunnlag for busetting i Kvinnherad med pendling til arbeidsplassar andre stader i Sunnhordland. Dei seinare åra har tap av industriarbeidsplassar i Kvinnherad medverka til ein svak folketalsutvikling i kommunen, forsterka av mangelen på transporttilbod som kunne gjort det mogeleg for innbyggjarane å pendle til andre kommunar og samstundes fortsette å bu i Kvinnherad.

Observerte samanhengar mellom folketalsvekst i kommunane og reisetid til sentrale kommunar indikerer og at eit brusamband mellom Kvinnherad og Tysnes/Stord kan bryte den negative folketalsutviklinga i Kvinnherad og føre til vekst i folketalet igjen. Basert på observerte, men usikre, samanhengar mellom reisetid og vekst, kan det ikkje utelukkast at veksten i Kvinnherad kan kome til å auke med 0,2-0,4 prosentpoeng per år. Det at Kvinnherad har eit større senter enn Bømlo, samt eit stort kjøpesenter, gjer at vi trur Kvinnherad vil kunne tene meir i form av auka folkevekst på å få tilgjenge til arbeidsmarknaden i Stord, enn det Bømlo kunne.

Midtre kryssing av Langenuen inneber 37 minutts reisetid mellom Husnes og Leirvik. Sjølv om dette berre er 11 minutt meir enn reisetida ved sørleg kryssing, er det likevel såpass mykje at det må forventast at det kan påverke ynskja om pendling og dermed også folketalsveksten i Kvinnherad. Det er nett ved desse reisetidene at kurven som skildrar sambandet mellom pendling
og folketalsveksten tek til å stiga.

Ut frå tidlegare erfaringar trur vil pendlinga i størst mon vil gå frå Kvinnherad i retning Stord, men vi trur det og vil bli auka pendling frå Stord til Kvinnherad.

Det kan spørjast om i kva grad lokalt næringsliv i Kvinnherad vil klare seg i konkurransen med næringsliv i Stord, t.d. innan handel. No er det eit stort kjøpesenter i Kvinnherad, noko som kan tilseie at ein der vil kunne klare å hevde seg i handelskonkurransen med Stord, sjølv etter at reisetida frå Kvinnherad blir redusert til mindre enn ein halv time. Med ei viss lokal satsing burde dette vere mogeleg å oppnå. Likevel er det ei fare for ei viss svekking av verksemder retta mot lokal handel, og som kan bli utkonkurrert av større og meir sentrale forretningar og tenestetilbydarar.

Ut frå den låge utpendlinga i utgangspunktet og den låge folkeveksten i Kvinnherad og også i Tysnes, synest det å vere gode grunnar til å tru at med vegsamband vil både pendling og folkevekst i desse kommunane auke. Tysnes får vegsamband og truleg auka attraktivitet som bustad med E39, medan Kvinnherad må vente til vegsambandet kjem til desse effektane kan haustast.

Regionen si konkurransekraft vil bli styrka med meir integrerte arbeidsmarknader. Sjølv om det er stor fagleg usemje om kor store produktivitetseffektar dette kan føre til, er det mykje som tyder på at ein vil kunne få slike effektar. Eit anna moment som kan vere viktig i Sunnhordland, er at ein meir integrert arbeidsmarknad vil gjere regionen meir robust for svingingar og strukturendringar i dei svært konkurranseprega marknadene som næringslivet i Sunnhordland opererer i. Svikt i ei næring som rammer særleg ein kommune, vil lettare kunne motverkast gjennom auka pendling til andre kommunar eller ut av regionen mot Bergen og Haugesund når ferjefri E39 kjem på plass, og i særleg grad dersom Kvinnherad får ferjefritt samband til den framtidige ferjefrie E39. Eit anna spørsmål er i kor stor grad ferjefri E39 og mogeleg vegsamband til Kvinnherad vil styrke regionen si konkurransekraft mot Bergensregionen og Haugalandet, som er større og meir diversifiserte regionar. Betra kommunikasjonar ut av Sunnhordland mot Bergen som følgje av ferjefri E39, kan tenkast å auke lekkasjen mot både desse sentra innan handel og spesialiserte private tenester. Vegsamband som aukar mangfaldet og breidda i næringsliv og arbeidsmarknad internt i Sunnhordlandsregionen vil kunne styrke heile regionen i den auka konkurransen denne regionen vil møte frå Bergen og Haugalandet med ny E39.

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.