Nyhende — 22 februar 2016
Leif Trygve Nilsen  og Kjell Fylkesnes går i bresjen for å få Sunnhordland attende til  Leirvik og regionen.

Leif Trygve Nilsen  og Kjell Fylkesnes går i bresjen for å få Sunnhordland attende til  Leirvik og regionen.

Kjell Fylkesnes og Leif Trygve Nilsen  har gått i  bresjen for å få framleis «gode gamle»  M/S Sunnhordland tilbake til farvatnet snøggruta  trufast trafikkerte  i  om lag 25 år.  Sjølv om det er gått 43 år sidan  bindeleddet mellom Sunnhordland og Bergen  ringde med klokka  ved avgang Sunnhordlandskaien for siste gong, er det  mange i regionen som har sterke og gode minne  kring  HSD-rutebåten. Nokre reiste med han jamt, andre var vel så jamt  på Sunnhordlandskaien og tok imot og  fretta nytt når båten kom med folk og gods frå byen.  Etter ein sving innover i regionen, kom han attende  rundt midnatt og gjekk i nattruta til Bergen.

– Ein delegasjon med maritime fagfolk og andre med  nostalgiske maritime interesser var i vinter i Finland og  saumfor skipet. Det var berre å opna dørane om bord, så kom den gode  Sunnhordlandskjensla imot. Rett nok er  bildekket og soldekket akter innbygt og omgjort til lugarar og salongen, men elles er det meste som det var då Sunnhordland la til kai i Leirvik kvardagar klokka  kvart på seks. Interiøret i tre er godt stelt, det same med lugarane,  atmosfæren er der.  Styrehuset er litt nostalgi  og mykje  moderne og stålet er  godt i hald framleis.  Sunnhordland er jo eit ombygt krigsskip, sa Kjell Fylkesnes då han måndag presenterte planane for heimkjøp av  fartyet.  Saman med Nilsen og firma dei representerer har dei danna selskapet som skal stå for kjøpet.

Eiga  Sunnhordlandskake  -  i høve lanseringa av konkrete planar om heimkost for  snøggruta.

Eiga  Sunnhordlandskake  –  i høve lanseringa av konkrete planar om heimkost for  snøggruta.

– Men me treng gode støttespelarar økonomisk og praktisk, det skal me jobba med no framover  til  april. Då først  smeltar isen der  båten  ligg i Finland,  slik at han kan koma i dokk for  undersøkingar og godkjenningar – og maling  i  HSD  sine svart-kvit fargar.  HSD-merket skal sjølvsagt på plass på skorsteinen.  Riksantikvaren er også interessert i heimkomst  for skipet, under føresetnad av at  Sunnhordland blir halde «ship shape» og ikkje blir eit nytt halvveis-prosjekt.

Flytekaien utfor Thiisafabrikken er planlagt som liggjeplass i rolege periodar, men det blir lagt opp til aktiv bruk  til  chartertruar, til blåturar,  til flytande bryllupsarena  og alt anne ein stasbåt  med  plass til eit par hundre gjester kan nyttast til. I Finland gjekk Brahe, som han vart døypt, turar på dei Karelske kanalar.

Frå kommunalt hald  er det tommelen opp for prosjektet. Eigaren  av Thiisafabrikken og liggjekaien utanfor, Arnold Holmedal meiner eit  skip av Sunnhordland sitt kaliber vil vera eit  svært positivt løft for  hamnebyen Leirvik.

– Interessert i å bida til at båten kjem  attende til  Leirvik og regionen, spør  Fylkesnes og Nilsen  –  og  ber  dei som har  lyst å bli med på ei spennande prosjekt  senda  ein e-post  til  kjell.fylkesnes@fylkesnesbil.no  eller  til  ltn@si.stord.no

 

 

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.