Nyhende — 28 april 2016
Alvin, Gisle og Cecilie utanfor det legendariske Abbey Road Studios. (Foto: Privat)

Alvin, Gisle og Cecilie utanfor det legendariske Abbey Road Studios. (Foto: Privat)

Cecilie Anna Rønhovde frå Familieforetaket hadde ein fantastisk tur til London tysdag 26.04 saman med Gisle Østrem og Alvin Vestrheim. Dei var i legendariske Abbey Road Studios for å mastre debutplata til Familieforetaket. Cecilie visste på førehand lite om denne siste finpussande prosessen, men ho visste at det er viktig å ha godt utstyr og rett person til jobben. Ho var glad for å ha med seg Gisle og Alvin, som begge har studio og god peiling på alt det tekniske. Førstnemde har vore med på plateprosjektet frå dag ein og har stått for både innspelingar og miksing, noko han fekk skryt for i Abbey Road. Mastringsteknikar Alex Wharton beskreiv lydbilete som «lush», altså «frodig» på norsk. Denne Alex viste seg å vera ein flott og flink fyr med beina godt planta på jorda, trass i at han jobbar med store stjerner. Viktigast av alt var at han med ein gong forsto kva type uttrykk Familieforetaket er ute etter. Musikken deira er rik på dynamikk, noko ein kan velga å bevara eller å flata ut i mastringsprosessen. Kort fortalt kan det heile grovt sett samanliknast med husmåling. Somme likar at finishen er glatt og blank og fin. Dei ynskjer ei yte der ein ikkje kan sjå strukturen i veden under. Familieforetaket ynskjer at veden, årringar og alt skal syna gjennom. Slik kan ein seia at veden er dynamisk på same måte som Familieforetaket sitt musikkuttrykk. Dei ynskjer å behalda dynamikken, men på den andre sida er det også viktig å finna fram til ein heilhet i plateforløpet. Det generelle lydnivået må vera nokolunde likt songane imellom, balansen i lydbildet må behaldast om ein skrur ned volum eller speler musikken på små høgtalarar t.d på PC, og ein må også finna ut kor lang stille det skal vera mellom kvar av songane. Dette siste handlar om å føla seg fram til det naturlege punktet. Enkelte gongar, om uttrykket er litt i same bane, er det naturleg å ha ein nokså rask start på neste song. Andre gonger er det viktig at det er god tid mellom det ein har høyrt og det ein skal få høyra.

Totalt sett let masteren meir strømlineforma enn det ein har med seg i sekken når ein kjem. Ein stiller fokus på kvar av delene i lydbilete samstundes som dei ulike elementa blandar seg meir saman. Det er skapt ein heilhet utan at ein har eliminert ulikhetene og dei naturlege dynamiske draga.

Det skal seiast at då ideen om å reisa til Abbey Road først blei bragt på bane av Gisle var Cecilie ei lita stund skeptisk. I hovudet hennar høyrte ho for seg Familieforetaket sin musikk i 60-tals Beatles-sound. Denne vrangforestillingen gjekk fort over, og for dei som måtte lura på om ein berre betaler for namnet og varemerket, la det vere sagt: Mastring i Abbey Road 2016 er heilt konge!

Familieforetaket si debutplate «Going North» vert sleppt laurdag 4. juni på Osvald Pub, Leirvik.

Mastringsteknikar Alex Wharton med Ceceilie bak spakane. (Foto: Privat)

Mastringsteknikar Alex Wharton med Ceceilie bak spakane. (Foto: Privat)

Share

About Author

John Erik Jørgensen

(1) Reader Comment