Nyhende — 18 april 2016
Frisk song og dans frå Ungdomskoret i Greace: Med i Koret er: Armita Abedi, Karianne Angeltveit, Lina Edvardsen, Maren Edvardsen, Yngvild Bakken Furunes, Malin Vikanes Fylkesnes, Constanse Thorbjørnsen Gangdal, Sigrid Gunnarsjaa, Oda Hagenes, Linda Sophie Babunga Johnsen, Lene Kvinnesland, Ida Langeland, Synnøve Hagen Leseth, Anne Lene Milje, Tuva D. Nilsen, Kristin Strøm Sagstad, Anne-Linn Sekkingstad, Erin Ask Sele, Oda Steensohn, Julie Tranvåg Syltevik og Elida Johansen Valvatne.

Frisk song og dans frå Ungdomskoret i Greace. Med i Koret er: Armita Abedi, Karianne Angeltveit, Lina Edvardsen, Maren Edvardsen, Yngvild Bakken Furunes, Malin Vikanes Fylkesnes, Constanse Thorbjørnsen Gangdal, Sigrid Gunnarsjaa, Oda Hagenes, Linda Sophie Babunga Johnsen, Lene Kvinnesland, Ida Langeland, Synnøve Hagen Leseth, Anne Lene Milje, Tuva D. Nilsen, Kristin Strøm Sagstad, Anne-Linn Sekkingstad, Erin Ask Sele, Oda Steensohn, Julie Tranvåg Syltevik og Elida Johansen Valvatne.

– Kor flott dei får det til. Kor allsidige dei er , og ikkje minst – for ein vellyd dei spreier. Dansa kan dei og. Dette var berre gildt å sjå og høyra. Vårkonserten til Ungdomskoret må eg berre ha med meg.

Det mangla ikkje på godord frå nøgde publikumarar på veg ut frå storsalen etter konserten med Stord Ungdomskor og kulturskulekoret Aspane i kveldinga søndag. Igjen var det all mogleg grunn til å fryda seg over songarar som må øva med største iver og glede – for å henta ut vakre tonar frå eitt eller fleire innvortes lager – for så spreia dei gilde samstemte tonar over oss. Dette, anten det er rolege harmoniar i folketonar, eller songar som har med havet å gjera. Då i bunad, slik mange vil kjenna dei kulturelle stordambassadørane i Ungdomskoret. Etter ein kort kaffi og kakepause, venta swingande, dansande og syngande framføring av ein medley frå musikalen Greace, i dertil tidsrette kjølar sjølvsagt. Det vart også servert utdrag frå «Phantom of the opera». Som alltid når Ungdomskoret står på scenen, blir solistane henta frå eigne rekkje. Dei er mange og dei er flinke. Liv Kari bu og Tone Heide er dirigentar med full kontroll.

Aspane på Vårkonserten.

Aspane på Vårkonserten.

Irene Simonsen får ekstra honnør for tonefølgje på piano. Greace-medleyen hennar var ei rein nyting for oss rytemeglade. Og igjen visste Magadalena From Delis seg som kreativ koreograf.

I programmet for konserten er det helsing frå foreldregruppa, og følgjande setning får full støtte frå publikumspanelet: « Og sist, men ikkje minst TAKK til jentene som gong på gong imponerer oss med vakker korsong. Me er stolte over det de får til»

Kulturkoret Aspane kom på kulturhusscenen som ei flott og inspirerande stadfesting på at rekrutteringa til jentekorseongen i byen vår er i dei beste røyster og hender. Under leiing av Ingjerd Kannelønning Kolstad framførte dei unge jentene Norsk folketone og samisk joik. Musikken kom frå pianist Omar Zahl Pettersen og saksofonist Webjørn Sæther.

Ein flott kulturkveld i vår kulturelle kulturstove.

 

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.