Nyhende — 23 mai 2016
175 meter lange "Deutschland" ruvar godt ved kai på Leirvik.

175 meter lange «Deutschland» ruvar godt ved kai på Leirvik.

Omlag 30 minuttar før varsla ankomst seig det 175 meter lange cruiseskipet «Desutschland» inn i hamnebassenget på Leirvik. Landinga gjekk særs pynteleg føre seg og slepebåten som låg klar for å assistera måtte ikkje i aksjon. Ti solide stroppar held no skipet på plass til kai.

Ein solid porsjon pasasjerar gjekk i land, utstyrt med den siste utgåva av Sunnhordlandsguiden som Samarbeidsrådet har  gitt ut. Turistane har no fritt leide i moglegheit til å undesøka hamnebyen nærare.

«Deutschland» er einaste cruiseskipet som er varsla ved Leirvik hamn denne sesongen.

Ei gruppe turistar på veg i land for å ta hamnebyen nærare i augesyn.

Ei gruppe turistar på veg i land for å ta hamnebyen nærare i augesyn.

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.