Nyhende — 12 mai 2016
Skein om kapp med morgonsola då ho gjekk frå Leirvik

Skein om kapp med morgonsola då ho gjekk frå Leirvik

Etter real vårpuss som har krove godt over 400 liter maling, botnstoff inklusive, skein M/F Skånevik om kapp med strålande morgonsol då veteranferja torsdag morgon kasta loss frå Skotabergkaien og sette kurs mot langvarig sommarjobb i indre Sognefjorden. 15. mai startar den freda ferja i original 1967-utgåve i turisttrafikk frå Gudvangen, ut verdsarvarenaen Nerøyfjorden og vidare til Kaupanger. To tur-retur turar dagleg fram til september. Deretter blir det ordinær lokalfart mellom Kaupanger og Frønningen til frampå nyåret neste år. Først når våpussen 2017 skal gjerast blir «Skånevik» igjen å sjå ved kai på Leirvik.

MOB- båten gjort klar før avgang av Jarle Nerhus, Øyvind Særsten og Jakob Håvik

MOB- båten gjort klar før avgang av Jarle Nerhus, Øyvind Særsten og Jakob Håvik

– I fjor sommar hadde me med oss totalt 23.000 passasjerar og 6.500 bilar over Sognefjorden. Bra belegg, når kapasiteten er 147 passasjerar og inntil 30 bilar per tur, seier kaptein Jarle Nerhus. Saman med styrmann Øyvind Særsten, maskinist Jakob Håvik og Brita Flornes som lettmatros og kiosk-vertinne – utgjer stordkvartetten eitt av mannskapsskifta på ferja. Det var desse fire som førte ferja nordover torsdag.

Neste år er «Skånevik» 50 år, og er i særs god strand. I følgjermaskinist Håvik er dei to originalmotorane frå motorane frå Rubbestadneset gode som nye. – Aldri eit feilslag

Midthordland Dampskipsselskap står no for drifta av «Skånevik» .

Det er såpass spring i skroget på «Skånevik» at det kan vera trong for slisker for å hjelpa bilane «over kanten». Då dei nye sliskene viste seg å vera tjukke og svært tunge, tok Tom Fagerland dei med og delte dei på saga si. Her får han hjelp av Roger Stokke med leverande av nyskorne slisker av handterleg storleik.

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.