Nyhende — 14 mai 2016
Mange tusen slik store steinar er brukt for å byggja mellom 450 og 500 trappetrinn i Fossabrekko.

Mange tusen slik store steinar er brukt for å byggja mellom 450 og 500 trappetrinn i Fossabrekko.

Når du kjem til den vesle avsatsen ved den nye brua over elva i Fossabrekko har du alt stige opp 180 trappetrinn. Når du har stige opp 300 trappetrinn til, er du brått i Kvelve. Det er ikkje anna enn ein fantastisk flott pinsepresang turfolket på Stord har fått med den nye trappa opp Fossabrekko. Trygg gange på stødige store flate steinar, endeleg slutt på sjanseseglasen på små rullesteinar. Det kan ikkje vera tvil om at sherpane frå Nepal er verdens beste naturtrappebyggjarar. At dette er reint handarbeid, er så absolutt vera å tenkje på når ein går i trappene og ser kor mykje som er grove og kor mange steinar som er brukte og kor fint alt er gjort i lendet. Dugnadskarar frå turlaget har gjort ein kjempejobb med steinsanking og skal seinare grusa i dei slakaste partia av «nyevegen» til Stordfjellet.

På fem veker har denne kvartetten bygt trappene frå nyabruo og opp i Kvelve: Da Tsheri Sherpa, Ang Dawa Sherpa, Phuri Tamang og Bala Kaji Rai.

På fem veker har denne kvartetten bygt trappene frå nyabruo og opp i Kvelve: Da Tsheri Sherpa, Ang Dawa Sherpa, Phuri Tamang og Bala Kaji Rai.

Kvartetten frå Nepal som i fem veker har arbeidd seg oppover bratthenget mot Kvelve, la siste krafthender på verket fredag. Då vart det også laga til ein kvileplatting på toppen. Stordnytt.no fekk oververa då eit par trinn var skapte og lurte naturlegvis på kvar trappebyggjarane henta krafta frå. Store steinar var handterte og plasserte så lett, så det ut til. Mykje teknikk og lang røynsle med naturstein som byggjemateriale, var det smilande svaret.

Dei fire bur alle i Khunde Village i Everest-distriktet i Nepal og er deler av året turguidar for turistar som vil oppleva skikkeleg høgfjell. Landsbyen var sterkt råka av jordskjelvet for eitt år sidan og mykje tid og pengar tente på trappebygging i den norske fjellheimen, er brukte på byggja opp att steinhusa heime. Dei hadde likt seg godt på Stord og skrytte av oppvartinga og samarbeidet med Gerda Øen og Reidar Lunde i Turlaget. Kjekt hadde det vore å motta smil og tommelen-opp-helsingar frå store og små som passerte opp og ned brekko. Etter helga, ventar nye oppdrag i norske fjell.

 I Kvelve blir det bygt kvileplass – av stein som låg og stein som er tilført. – God stein å jobba med, sa ekspertane.

I Kvelve blir det bygt kvileplass – av stein som låg og stein som er tilført. – God stein å jobba med, sa ekspertane.

– Eg kan berre skryta av heile mitt turhjarta, av jobben som er gjort av dei effektive sherpane, av innsatsen frå medlemene i Turlaget og dei mange som har ytt bidrag. Det er god å høyra ein roleg kasserar stadfesta at prosjektet kjem til å gå greitt også økonomisk, seier turlagsleiar Gerda Øen i ein kommentar til stordnytt.no

At Herlege Stordøy med solid steintrapp i Fossabrekko har fått ein ny attraksjon – er berre brennsikkert.

God tur opp – og ned.

- Alle tiders smed trapper i Fossabrekko, eit flott tiltak, sa Jin Aarre med Amelie på ryggen, Jenny Erland og Manisha Webb , på veg mot Kattnakken.

– Alle tiders smed trapper i Fossabrekko, eit flott tiltak, sa Jin Aarre med Amelie på ryggen, Jenny Erland og Manisha Webb , på veg mot Kattnakken.

 

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.