Nyhende — 23 juni 2016
Godt frammøte

Godt frammøte då den nye turvegen rundt Ådlandsvatnet nyleg vart opna. Stord kommune minner om at det framleis står att ein del arbeid med vegen, og at det fram til ferdigstilling er å rekna som anleggsområde. (Arkivfoto: Jonas Sætre)

Sjølv om den nye turvegen rundt Ådlandsvatnet vart opna denne månaden er den ikkje ferdigstilt. Det minner Stord kommune om på sine nettsider torsdag. Vegen er framleis å rekne som anleggsområde til arbeidet er heilt ferdigstilt, noko som òg er merka ved alle infallsportar til turvegen. Det er ikkje ønskjeleg med noko skade grunna aktlaus framferd i området.

Prosjektet skulle vore ferdig no, men grunna forseinkingar av VA-materiell er ny sluttdato sett til midten av september. Sjølve turvegen vil vera open frå 8. juli, men ein gjer merksam på at vegen går opp forbi hytta ved Grønavikjo – ikkje via Jentespranget der det er dyr på beite og grindar som skal vera att.

Mopedkøyring og hesteriding som øydelegg traseen er strengt forbode.

Elles er traseen langs Frugårdselva er open og klar for bruk, og dei lokale styremaktene helsar god tur – og oppmodar alle til å vera med å halde anlegget reint og ryddig.

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.