Nyhende — 16 juli 2016

Den internasjonale leiren på Rommetveit skule inviterte til fest i går, fredag. Og fest vart det, med dans, komikk og mange fine stands med smakebitar frå mange av dei ulike landa som er på vitjing.

Til saman 13 ulike land deltek på CISV Sunnhordland sin internasjonale leir. På fredag var det oppvisining i tradisjonell dans frå blant anna Brasil, Indonesia og Italia. Sverige laga ein meir moderne versjon med musikk av Avicii. Det var også rom for komikk og song, og det var tydeleg at det var god stemning på leiren. Mykje folk hadde tatt turen, og det vart avslutta med ulike stands på skuleplassen utanfor.

 

Delegasjonen frå Brasil laga god stemning på Rommetveit.

Delegasjonen frå Brasil laga god stemning på Rommetveit.

Born og vaksne ønskte velkomen med song og musikk til internasjonal open dag på Rommetveit skule.

Born og vaksne ønskte velkomen med song og musikk til internasjonal open dag på Rommetveit skule.

Mange hadde teke turen til open dag på Rommetveit skule.

Mange hadde teke turen til open dag på Rommetveit skule.

Share

About Author

Desken

(1) Reader Comment