«I år er det heilt spesielt. Dirigenten vår har laga alt me framfører. Heilt nye melodiar og tekstar, med tema frå heimstaden vår og på ein dialekt me kjenner oss heime i». Sitatet er henta frå det informative programhefte til «Sånn e’ da» – årets kabaret, forestilling, konsert – der Songlaget Stordabuen syng om stordabuen. Om oss ganske alminnelege stordabuar, om korleis me har det og ter oss i dei ymse livsfasar, om slikt me lurer på og gleder oss over og kanskje også det me irriterer litevetta over. For: «Sånn e’ da».
Alt av tekstinnhald ( med hjelp frå dotter Ane på ein song) og låtmateriale, inklusive arrangering for orkesteret, kjem frå det musikalske unikumet Torleiv Agdestein. På premierkvelden laurdag leia han eit høgst songgira blandakor og band med meir en sikker hand – eller rettare, sikre hender. Heilt tydeleg at songarane likte å bruka sine røyster til framføring av innhaldsrike tekstar på heimsleg målføre. 18 songar totalt, med fleire solistinnslag – som er blitt eit godt varemerke i det røysteføre koret anno 1935.
Duetten mellom 9 år gamle Malene Tofte Tollaksvik og «bestefar» Tore Brandvik kan komande publikum berre gleda seg til. Det same med praten mellom innslaga – servert i finslege blanding av alvor og skjemt av Gerda Øen og Knut Vika. Dette kan dei. Bilelete og teikningar på storskjerm var med å gje songane også eit visuelt innhald. Musikken har ein sentral plass i denne oppsettinga, presist og godt levert av Åge Ottesen, Ståle Tesdal, Geir Morten Stokken og Andre Eide.
I salen svinga me med i rytmefriske tonar, før overgang til rolege sarte balladar og attende til kjekk pop. Eit gjennomgåande moderne tonebiletet, med ein rungande samba som takk for i kveld. Taktfaste klapp med heiarop undervegs og to gonger ståande applaus til slutt skulle vera det aller beste provet på at det her ligg ann til utselde forestillingar framover (komande onsdag og søndag). Dette slo ann.
– Kjekt å vera stordabu, syng koret i opningssongen. Javisst er det det – når Stordabuen syng så godt om stordabuen.
Andre nyhende

Stordnytt flyttar inn på Sunnhordland.no
mai 02, 2018
Ikkje snakk om gilde med skåling på Gildeskålsbakken
mai 02, 2018
Stor oppslutnad om 1. mai-markeringa
mai 01, 2018
Etter 96 år – siste basaren for «Vårbud»
april 30, 2018
Kartlukke i Fitjar
april 29, 2018
Husa ristar når bilar passerar Hagamyro
april 29, 2018
Mykje å sjå fram til på årets STORD AIRSHOW
april 28, 2018
Stadig nedgang i arbeidsløysa
april 27, 2018
Rekkverk frå Heiane til New Zealand
april 27, 2018
Lite håp om autovern langs friområdet på Litlabø
april 27, 2018
«Folgefonn» verdas første med autodocking-installasjon
april 26, 2018
-Korleis ønskjer du Leirvik i framtida?
april 26, 2018
– Privatskule kan få konsekvensar for skulestrukturen
april 26, 2018