Nyhende — 21 desember 2016

Ausekarane

Meir «go’nyhende» frå Tysnesfest 2017. Det musikalske programmet for neste års festival ligg an til å verta særs variert, og det er snodig om ein ikkje finn noko som fenger. Seinast er følgande artistar klare for årets «hæppening» i nabokommunen i aust:

Ausekarane:
Etter ein forrykande opptreden på Gjerstad arena i 2016, er Ausekarane no tilbake i Bermudateltet.

Det blir liksom ikkje skikkeleg Tysnesfest utan «Ausedansen» i Bermudateltet. Difor har me invitert Bjørn Jensen, Tor Endresen og resten av den galne gjengen til kvar einaste Tysnesfest dei siste åra.

Og Ausekarane er like glade i Tysnes som me er i dei. For nokre år sidan skreiv Tor Endresen ein song til øya vår då han sat og roa ned ute i Skiparvika ein sein nattetime. Året etter hadde «Tysnes» verdspremiere i Bermudateltet, og vakrare stund kan me ikkje minnast å ha vore med på.

No kan du berre gle deg til gjenhøyr med «Måsa», «Fin i bikini», «Farande fant», «Ausedansen» og sjølvsagt verdas vakraste hyllest til Tysnes.

Ausekarane har i vinter hatt stor suksess med sitt nye show «Fisk og røvare i Auseland», som mellom anna fekk ein femmar i Bergens Tidende.

Ausekarane består av Bjørn Jensen (sang/gjøgling/gitar), Tor Endresen (sang/gjøgling/gitar), Espen Vågstål (trommar), Tore Mæhle (bass/kor), Svein-Tore Hindenes (trekkspel/tangentar/kor) og Jan Arne Knutsen (gitar/mandolin/banjo).

De Musikalske Dvergene

De Musikalske Dvergene:
Det er ei stor glede å endeleg kunne ønske De Musikalske Dvergene velkommen til Tysnesfest!
Dvergene blei starta så langt tilbake som i 1980. Dei hadde følgjande enkle motto og programerklæring: Garantert ambisjonslaus rock!

Namnet var eit sjølvironisk og muntert spark til dei hardtslåande namnane andre grupper på denne tiden smykket seg med. Dei fleste av desse andre banda er no forsvunne, nokre har gjenoppstått, men De Musikalske Dvergene har vore her heile tida.

Dei fem karane hadde ei usvikeleg tru på at hvis dei laga songar om vanlege ting, og song slik dei snakka, så ville folk skjøne kva dei snakka om.

De Musikalske Dvergene har hardnakka halde fram med å levere ein stadig større samling sorgmuntre og sjølvironiske songar om kvardagslege ting. Songar som passer til små og store konserter, som allsong på vorspiel, fest og nachspiel, eller som lydspor til oppvasken. Det er nok å nemne «Torsdagsfisken», «Marianne (Tempo Corvette)», «Tomgodsets dronning» og «Faen ikkje løst te gå hem».

DMD består i dag av Helge Grønhaug (gitar og song), Arne Grønhaug (sologitar og kor), Erling Hjertnes (bass og kor), Tom Harry Halvorsen (tangentar, trekkspel, munnspel og kor) og Willy Korneliussen (trommar).

Sigvart Dagsland og Karoline Krüger

Sigvart Dagsland og Karoline Krüger:
Bergens mest kjente artistpar avsluttar Tysnesfest i Onarheimskyrkja. Dette blir garantert ei av festivalens vakraste stunder.

Sigvart Dagsland og Karoline Krüger har først og fremst gjort suksess med solokarrierar på kvar si kant. Etter 20 års ekteskap ga dei i 2013 ut juleplate saman. Det var fyrste gong Dagsland og Krüger blanda artist- og privatliv.

Sigvart Dagsland har 20 soloalbum bak seg. Han fekk Prøysen-prisen i 2009, har vore nominert til Spelemannsprisen tre gonger og motteke den ein gong.

Karoline Krüger er både prisløna komponist og fullboren musikalsk teaterartist: Ho har gjennom et par solide tiår i den norske artistfloraen etablert seg som en særeigen songar og låtskrivar. Dei to siste åra har ho hatt ein leiande rolle i oppsetninga om «Hellemyrsfolket» ved Den Nasjonale Scene i heimbyen Bergen; den mestseljande førestilling ved teateret nokonsinne. Sidan debuten i 1988 har Karoline gitt ut seks soloalbum, og medverka på eit titalls andre som komponist eller songar/musikar.

På Tysnesfest får me servert ein miks av det beste frå dei siste 30 åra!

Storm Weather Shanty Choir

Storm Weather Shanty Choir:
Kva er vel ein kystfestival utan ein dose ramsalt shantysang? Me er stolte over å fortelja at verdas beste shantygjeng, Storm Weather Shanty Choir er booka til Tysnesfest 2017.

Storm Weather Shanty Choir har den siste tida nådd stadig lenger ut i verda. Hausten 2016 har dei stått øvst på plakaten i Polen, Tyskland og England. Hausteventyret starta 26.-28. august, då dei var hovudattraksjon på Festiwal Piesni Zeglarskiej, utanfor Krakow i Polen, og spela for rundt 3000 menneske. Ein knapp månad seinare blei det tur til Kreuzberg i Berlin, der dei toppa Berlin Shantyclash på Clash, ein av dei største og mest legendariske punkscenane i byen. Dagen etter headlina dei eindagsfestivalen International Banjo Day, på The Old Queens Head i London.

Rockekoret frå Stord fyller 16 år i år, og får eit stadig større publikum i inn- og utland. Status i 2016 er fem kritikarroste plater, over 400 konsertar og stor respekt både i rocke- og folkemusikkmiljø. I løpet av 2009-16 har gjengen blant anna gjennomført fire noregsturnéar og to USA-turnéar og to Japan-turnear.
Storm Weather Shanty Choir består av: Håkon Vatle, Roald Kaldestad, Rune Nesse, Vidar Vedå, Gisle Østrem og Ronny Sætre. Dei er kjent for sine energiske konsertar. «Det skal virkelig et godt rockeband til for å toppe et shantykor fra Leirvik», skreiv Einar «Engelen» Engelstad, i Bergens Tidende etter konsert på club:Larm 2008.

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.