Nyhende — 09 desember 2016
188  medverkande  i  Nøtteknekkerens Saga  i Kulturhuset  (Foto: Mari Stenberg)

188 medverkande i Nøtteknekkerens Saga i Kulturhuset (Foto: Mari Stenberg)

– For ei framsyning, dette var både magisk og fantastisk, var omkvedet frå strålande nøgde tilskodarar som forlet storsalen i Kulturhuset torsdag etter premieren på Spinae Company si storslagne oppsetting og framføring av Nøtteknekkerens Saga. Å få sjå 188 aktørarar ( i alderen frå 5 til 19) i ei 100 prosent gjennomført og fargesprakande oppsetting , var berre ei god oppleving. Her er det gjort grundig arbeid i alle ledd: dans og musikk, kostyrmar og scene. Å laga programhefte som kalender for 2017 er eit ekstra prov på kreativitet. All honnør til Magdalena From Delis og hennar Spinnae Company.

Nøtteknekkerens Saga er ei dansande forteljing om ein draum. Med å få ei storslagen lokal oppsetting av spelet går garantert ein draum i oppfylling for både dei på scenen og oss som ser på. Det er tillyst fem forstillingar i helga.

Mange flotte scenebilete (Foto: Mari Stenberg)

Mange flotte scenebilete (Foto: Mari Stenberg).

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.