Nyhende — 30 januar 2017

Representantar frå begge fløyar; med styret i Sunnhordland museum på eine sida og medlemmer i venelaget for Stord Maritime muesum på den andre, var møtt opp for å få med seg NMK møtet måndag.

Det vart ein frisk diskusjon då saka forholdet mellom Sunnhordland museum og Sunnhordland Maritime museum var oppe på møte i kommite for næring, miljø og kultur måndag ettermiddag. Det er breid politisk semje om at den maritime museumsavdelinga på Nattrutekaien skal halda fram, men ikkje om korleis dette skal løysast. Frå komande onsdag går leigeavtale for det maritime museet sine lokaler ut, etter at styret i Sunnhordland museum ikkje har midlar til å drifta avdelinga lenger.

Høgre kom forslag om å setja ned ei arbeidsgruppe for å setje i gang ein planprosess om korleis vidare drift skal sikrast, men det var koalisjonen sitt forslag som til slutt vart vedteke med 6 røyster.

Av vedtaket går det fram at partane må koma til semje om ny avtale innan 1. juni 2017. I tida fram til ny avtale er på plass garanterer Svein Hatlevik og Leif T. Nilsen for husleige i 2  månader, medan dei kommunale tilskota til museet skal dekkja dei to neste.

Vedtaket vart slik:

  1. Stord kommune ønskjer eit maritimt industrimuseum lokalisert på Stord i regi av Sunnhordland museum. Difor set ein vilkår for drifstilskotet for 2017 som følgjer: Driftstilskotet for 2017 føreset at Sunnhordland museum og Stord maritime museum reforhandlar samarbeidsavtala. Partane får frist 1. juni 2017 for å få på plass eit nytt avtaleverk. Kommunestyret legg til grunn at Sunnhordland museum dekker husleiga for Stord maritime museum frå og med mars månad.
  2. Dersom partane ikkje lukkast eller ønskjer å vidareføra samarbeidet legg kommunestyret til grunn at avvikling av samlinga vert finansiert over driftstilskotet til Sunnhordland museum.
  3. Dersom partane ikkje lukkast eller ønskjer å vidareføra samarbeidet, vil kommunestyret koma tilbake til utmåling av mogeleg driftstilskot.

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.