<

Nyhende — 17 februar 2017

Skotske Amy McDonald er siste skot på artiststamma til den komande Tysnesfest 2017

Går det mot tidenes Tysnesfest? Ny storartist klar fredag:

I serien av internasjonale superstjerner som vitjar Gjerstad arena er det no ei glede å kunna presentera Amy Macdonald!

Amy Macdonald (29) er ein skotsk låtskrivar/songar. Trass sin unge alder har ho allereie solgt ni millionar album. Hennar debutalbum «This Is The Life» blei utgitt 30. juli 2007. Tittelsporet «This is the life» vart ein megahit. Albumet har gjort suksess i ei rekkje europeiske land og blei lansert i USA i 2008.

Macdonald slepp i dag sitt nye album «Under Stars». Singelen «Dream on» er allereie ute, og har vorte godt mottatt verda over.

Amy Macdonald skal turnere i Europa heile våren. Brussel, Paris, Edinburgh, København, Wien og Munchen er berre nokre av storbyane ho skal innom før ho spelar på Tysnesfest andre helga i juli.

Amy skal på scena laurdag 15. juli 2017

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.