<

Nyhende — 15 februar 2017

Det brann godt i lyng og brakje oppover fjellsidene på Heio onsdag.

Onsdag var fjellsameige, grunneigarar og bondelag på Stord i gang med å brenna lyng og brakje på Heio. Bråtebrannen, som er ein kontrollert brann, er påsett for å prøva å betra beitetilhøva for sauen komande sesong. Det er gjort forsøk på dette fleire gonger dei siste åra, men det har anten vore for tørrt eller for vått i Stordfjellet.

Brannen som no er sett i gong er på Nedre- og Øvre Heio og oppover mot Stovegolvet.

Kjell Harald Vikanes, sauebonde på Haga, var rimeleg nøgd. – Vanlegvis kjem sauene heim full i brakjenåler på hausten. Satsar på at det vert betre i år, fekk stordnytt.no vita.

Kjell Harald Vikanes var godt nøgd med at bråtebrenninga endeleg kunne gjennomførast etter år med vel våte vintrar.

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.