Stord folkebibliotek og Stord kyrkjeakademi har invitert ordensbror Haavar Simon til å kasta eit skråblikk på reformasjonen – sett frå katolsk perspektiv.
2017 er sjølve Luther-året, det året då dei protestantiske kyrkjene markerer 500 årsjubiléet for «startskotet» for reformasjonen, då Martin Luther publiserte sine 95 tesar mot avlatshandelen. Og ikkje berre kyrkjene jubilérer; i Tyskland vert dette markert med storslagne arrangement med mange slag fokus.
Men korleis ser reformasjonen ut frå katolsk perspektiv? I det protestantiske Nord-Europa har det vore lite interesse for dette, endå dei tankane, reaksjonane og refleksjonane som reformasjonen har vekt gjennom dei 500 åra innan den katolske verda i høgaste grad skulle kunna utvida dei protestantiske synsmåtane.
Vi kjenner alle til krigane som fylgde i fotefara åt reformasjonen. 30-årskrigen herja Mellom-Europa, og særleg Tyskland, og førde til ufattelege lidingar, for alle partar. Tiltaka mot katolisismen var mange og harde hjå oss i Skandinavia; vi kan berre tenkja på at «jesuittparagrafen» i vår eiga grunnlov stod ved lag like til 1956.
Tida er meir enn mogen for å stilla spørsmåla: Kva oppfatningar og kjensler har dette vekt på katolsk hald? Og korleis har desse endra seg oppgjennom århundra som har gått sidan reformasjonen?
Desse spørsmåla, og mange til, vonar vi at Bror Haavar Simon kan gje oss svar på. Han er ordensbror i dominikanarordenen i den Katolske kyrkja, og bur no saman med brørne i St Dominikus kloster i Oslo. Av mange vert han sett på som «arvtakaren» etter Arnfinn Haram. Yrkesmessig har han ein allsidig bakgrunn, m.a. som som tømrar, teknikar og landskapsarkitekt. Mange vil òg kjenna han som fast spaltist i «Klassekampen».
Møte, som er eit samarbeid mellom Stord folkebibliotek og Stord kyrkjeakademi, vert halden torsdag 23. februar på biblioteket i kulturhuset.
Andre nyhende

Feiring av dansens dagar
april 23, 2018
Hogstryddeved
april 23, 2018
I Peder sine fotspor
april 22, 2018
Fotballfest på Nysæter
april 22, 2018
Sele og Sagvåg musikklag leverte varene
april 21, 2018
Etterlyser igjen trafikksikring ved Storavatnet
april 20, 2018
Kyrkjeberget i nyfjelga vårdrakt
april 20, 2018
Sprikande søkjartal for Campus Stord
april 19, 2018
Venelag for M/F «Hardangerfjord»
april 19, 2018
Tak over rasteplassen ved Hauglandskverna
april 18, 2018
Kan mista vatnet eller få redusert trykk
april 17, 2018
Ikkje til venstre mellom klokka 14 og 17
april 17, 2018
80 meter mølleblad mot Midtfjellet
april 17, 2018
Jazzklubben med barnekonsert og kyrkjekonsert
april 16, 2018