<

Nyhende — 15 februar 2017

Arbeidet med nye Stord Ungdomsskule går heilt etter planane

Spørsmålet tittelen stiller, kjem frå interesserte turgåar som jamt passerer anleggområdet der nye Stord Ungdomsskule har reist seg og der det for tida er stor aktivitet innan dei fleste fagfelt.

– Det som slår meg er at eg så langt ikkje har sett bilar frå firma med stordadresse på parkeringsplassen innom anleggsgjerda. Kan det vera rett at det ikkje er lokale firma med å byggja storskulen?

Øyvind Dahl, prosjektleiar for «Kongen på Haugane» i Stord kommunale eigedom er rett mann å svara:

– I store byggjeprosessar som dette er det strenge krav til å følgje nasjonale og internasjonale reglar, med utlegg av tilbodskonkurransen på «Doffin», slik at alle interesserte entreprenørar kan gje pris. Dette gjeld fraktisk for heile EU-området. Norske Kruse Smith vann totalentreprisen for nye Stord Ungdomsskule på pris, og då er det entreprenøren som engasjerer samarbeidspartnerar i dei forskjellege faga, dette skjer oftast også etter innhenta prisar. Her har byggherre ingen påverknad.

– Den som tek runden oppom Vikhaugane no, vil i alle fall sjå bilar frå eitt lokalt firma: – Grov Elektro AS er i full gang med el-installasjonen. Landmark Maskin, med firmaadresse Moster, har grunnarbeidet og så tar me med at all betongen kjem frå blandeverket til Ølen betong på Brattestø, seier Dahl.

– Kva med framdrifta for prosjektet?

– Den er veldig god, Kruse Smith held timeplanen og når alle vindu kjem på plass om nokre veker blir det tett hus midt i mars – heilt etter planen.

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.