Høgskulen på Vestlandet

Nyhende — 15 februar 2017

Fitjar skulekorps, med sine 48 musikantar i alderen 7 til 19.år, førebur i desse dagar ein storstilt filmmusikk-konsert i kultursalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg 18.februar kl.1700.

Korpset er populært, har god rekruttering og spelar i medvind for tida. Dei har gjort det godt i fleire konkurransar og er no godt etablerte i den øvste divisjonen for skulekorps.

Dei unge musikantane i korpset er musikalsk allsidige og flinke. Det vil ein lett høyra når heile korpset er i aksjon og under soloframføringane. I tillegg til folk frå eigne rekkjer deltek det ein kvintett frå Toneheim Folkehøgskole med Fitjarjenta Aslaug K. F. Ottestad i spissen.

På repertoaret står mellom anna Titanic, Harry Potter, James Bond, The Twilight Saga, Narnia, The Lion King, Pirates of the Caribbean og mykje meir. Dette er ein konsert du seint vil gløyma. Gjenopplev kjende musikkstykker, eller oppdag ny, flott musikk.

Under leiing av dirigent Svein Roger Koppang og med Dagfinn Brekke og Kristian B. Vestbøstad som konferansier skal korpsets medlemer gjere alt for at publikum skal få ein musikalsk reise gjennom fleire store og kjende filmar.

Konserten er ei stor satsing for korpset og vil ha eit heilskapleg preg. Korpset lovar ein spennande, flott, variert og godt førebudd konsert og vil oppmoda alle om å ikkje la dette høvet til å gå frå seg.

Velkommen til ein konsert som inneheld alt frå ellevill humor til melankolske stemningar ispedd virtuositet og overraskande vendingar.

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.