Nyhende — 13 februar 2017

Neste år kjem den freda fjordabåten «Granvin» igjen i blåturfart

«M/S Granvin var ute av drift i 2016 – ser ikkje lyst ut i 2017 for at båten kjem drift». Dette er den korte melding som kjem opp i raud skrift på heimesida til den freda fjordatravaren som framleis står på slipp i Dåfjorden.
Styremedlem i Veteranskipslaget Fjordabåten og prosjektleiar for den store vøla «Granvin» er midt inne i,Kåre Kvalvik, forklarar nærare.

– Arbeidet med å restaurera heile akterskipet vart meir omfattande og dyrare enn riksantikvaren og me i laget såg føre oss. Å restaurera gamalt skal gjerast på gamalt vis, og det tek si tid å skifta 50 kvadratmeter stål i skorget med klinkemetoden. Det skal skiftast tredekk, heile salongen akter – den på 1.klassen i 1931 – skal pussast og det same med postlugar og lugarane for mannskap. Ei grunnstøyting for nokre år sidan slo skeiv hylse og propell. Summa sumarum måtte det til eit storløft, også reint økonomisk og det er blitt ein del møte for å få på plass pengane som trengst. No har me dei 6 millionane som går med til opprustinga.

– Kva skjer vidare med båten?

– Så snart me har tett skrog, blir «Granvin» slept til Rubbestadneset og Los elektro for reparasjon av propell, reingjering, priming, smøring og diverse elektrisk, deretter blir det opphald på hos Skipstømmraren på Jensaneset for legging av dekk oppe akter og ymse anna trearbeid. Då er me komne til ettersommar og kursen blir sett til Fartyvernsenteret i Norheimsund for innreiing av salongar. Mykje inventar til båten vår er lagra der inne. Gjennom heile prosessen blir det som vanleg gjort arbeid dugnad

– Om eit godt år, våren 2018 er «Granvin» igjen klar for blåturar og fjordafart, lovar Kåre Kvalvik.

50 kvadratmeter stål er skifta i skroget, klinka på plass hjå spesialistane på Dåfjorden Slipp.

 

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.